Ei mimrestund ved Austerholten

21.01.2023

Det vart surnadalstur denne veka. Eg tok meg tid til ein runde i barndommens rike, med avstikkarar til både Kvennbø og Østbø.

På veg utover Østbødalen stoppa eg ved Austerholten og knipsa dette bildet. Skyminga var kome i lengste laget for mobiltelefonen, men det får no stå sin prøve. Eg sat i bilen ei stund for å ta inn utsikta. Meir enn førti år har gått sidan eg flytta frå heimbygda. Men det er så rart med det. Ein gløymer aldri kvar ein kjem frå. Du kjenner kor dei sterkaste røtene dine er festa.

Synet av det vakre landskapet fekk meg til å tenke på vintrane i gamle dagar. I oppveksten var det vel eigentleg slik at både eg og eldste bror min sette meir pris på vinteren enn sommaren. Interessa for vinteridrett fanga oss tidleg. Gjennom dei snørike vintrane på 60-talet dreiv vi med skiaktivitetar frå november til april. Ein dag utan skirenning, var ein dag utan meining.

Utsikta frå Austerholten fekk meg til å tenke tilbake på desse åra. Mangt har endra seg sidan 60-talet. På den tida var det skidårer å sjå på alle ekrer og rundt om i bakkane. Slik er det ikkje no. Færre går på ski. Dei som gjer det, brukar anlegg med ferdigpreparerte løyper. Klimaet er også mykje meir ustabilt enn før. Vintrar med snødjupne på to meter ser ut til å vere ein saga blott.

Eidet var ein trygg plass å vekse opp på. Dess eldre ein blir, dess betre forstår ein korleis dei verdiane som låg i desse grendene har prega eit etter kvart langt liv. Da eg køyrde vidare etter mi vesle mimrestund, tenkte eg på akkurat det.