Var nest best – og vann VM

13.02.2023

13. februar er det på dagen førti år sidan trønderen Rolf Falk-Larssen vart verdsmeister på skøyter på Bislett. Han gjekk til topps, trass i at han berre hadde nest beste poengsum.

Årsaka til dette, var den tids regel om at tre distanseseirar automatisk ga samanlagtseier i meisterskapa. Falk-Larssen vann dei tre første distansane, og trengte berre å fullføre 10.000 meter for å sikre seg VM-tittelen.

Trønderen utnytta denne regelen, og tok lett på 10.000 meter. Han gjekk langt frå maks, og vart fjerde sist av dei 16 løparane som gjekk mildistansen. Sølvvinnar i samandraget, Tomas Gustafson, slo Falk-Larssen med 0,424 poeng samanlagt. Nordmannen måtte dermed ha gått rundt 8,5 sekund fortare på 10.000 meter for å ha fått beste poengsum.

Sjølv om Rolf Falk-Larssen ikkje gjorde noko anna enn å følge regelverket, var publikum sin reaksjon ikkje særleg positiv. Han måtte finne seg i å bli den første verdsmeisteren som vart bua ut av tilskuarane på Bislett.

- Beklager, jeg er ingen supermann. Jeg er Rolf Falk-Larssen og går forholdsvis fort på skøyter, men var tømt for alt foran 10.000 meteren. Jeg synes jobben var gjort på de tre første løpene, sa meisteren til Arbeiderbladet.

VM-toar Tomas Gustafsson støtta Falk-Larssen, og meinte at pipekonserten var heilt ufortent. I dag er regelen som Rolf Falk-Larssen utnytta for lengst avvikla.

I avisa for 14. januar 1983, kan Arbeiderbladet også fortelje at radarparet Knut Bjørnsen og Per Jorsett hadde bestemt seg for å slutte som skøytekommentatorar. Dei varsla at dei ville legge opp etter OL i Sarajevo året etter.