Skisesongen er over

24.05.2023

23. mai sette eg punktum for skisesongen. Sidan 31. mars, fredagen i palmehelga, har eg vore på Tæla i til saman tre veker. Det har vore ein storarta vår.

Eit av mange privilegium ein har som pensjonist, er at ein kan innrette seg etter vermeldingane og dra til fjells når meteorologane spår fine forhold. Med unntak av nokre få dagar med overskya ver, har eg gjennom desse vekene hatt sol heile tida. I tillegg har skiføret i det store og heile vore aldeles prima – og vel så det.

Ja, det har vore ein skivår heilt utanom det vanlege. Når ver, føre og helse spelar på lag, kan ein ikkje forlange noko meir.

Dei fleste set bort skiene etter siste påsketuren. Det har derfor vore dårleg med selskap oppe på Tæla utover april og mai. Strengt tatt møtte eg vel i løpet av desse vekene berre ei einaste levande sjel. I tillegg observerte eg spor etter ein einsleg randoneekøyrar borti Fossafjellet.

Så er det heldigvis slik at eg greier meg godt åleine. Turar til kjente og kjære mål, lange verandaøkter i vårsola og stille kveldar gir sjelefred og dagar med meining.

No ventar sommarsesongen. Da skal vi atter bli to i Tælastuå.

Ein bildeserie frå vårskiturane min etter påske finn du her.

Les også: Fantastisk start på påska - og no har randoneefolket oppdaga Fossafjellet.