Bussentusiasten ville ha fylt 59

07.03.2021

7. mars kan det passe godt å ta fram eit bilde av bror Bjørn, som ville ha fylt 59 år i dag. Til hausten blir det ti år sidan han gjekk bort. Åra går fort.

Bildet er tatt i tunet i Utigard Kvennbø påska 1968. Bjørn er her seks år gammal. Som gut var han levande opptatt av bussar og alt som rørte seg på anlegget til Surnadal Billag på Øra. Den flotte sjåførlua fekk han av onkel Erling Sæthervik. Den brukte han kvar dag i fleire år.

Påskedagen i 1968 var 14. april. Det hadde vore ein retteleg snøvinter, og som vi ser er det midt i april enno mykje snø att. (Klikk på bildet for å gjere det større).