Tonar frå aust - og ville tankar om ein hyttetur

04.09.2021

Oppe på Tæla finst det ikkje stereoanlegg. Men hadde det vore mogleg å spele plater der, ville eg heilt sikkert ha tatt med ei utval av musikken til Arvo Pärt (1935 -) og Henryk Gorecki (1933-2010). Den første frå Estland, den andre frå Polen.

Begge høyrer med til ein generasjon av austeuropeiske komponistar som starta si kunstneriske gjerning bak jernteppet. Musikken, som styresmaktene helst ville forby, har ei fenomenal sprengkraft i seg. Dette trass i at den i form kan vere både stillferdig og minimalistisk. Mykje kan seiast med tonar. Kommunistleiarane var redde for komponistar som dette.

På Tæla skal det ikkje vere pompøst. Derfor ville Arvo Pärt og Henryk Gorecki ha passa så godt her. Pärt snakkar i små bokstavar. Han har til og med sagt at dei viktigaste tonane er dei som ikkje blir spela. I Pärt sin ofte dvelande, mystiske og melankolske musikk er stillheita - pausane - eit viktig verkemiddel.

Den første komposisjonen eg høyrde av Pärt var «Fratres». Eit dirrande og nesten stillestående stykke musikk. Beint fram elektrisk, sjølv om alle instrumenta er akustiske. Henryk Gorecki høyrer til i same gate. Hans symfoni nummer 3 er ei fantastisk tonereise å vere med på. Pärt og Gorecki har også det til felles at dei har laga mykje storarta kyrkjemusikk og ei lang rekke vakre verk for kor.

Av og til har eg tenkt ville tankar om at karar som dette ville ha vore perfekte turkameratar. Ein kveld under parafinlampa i Tælastuå saman med desse to genia. Du verda, det hadde vore noko - både for meg og dei. Kanskje ville dei ha sett seg ned i gapahuken inne i Kvenndalen og skrive kvart sitt meisterverk etter ein slik inspirasjonstur? Men det må altså bli med fantasien. Henryk Gorecki har gått ut av tida, og Arvo Pärt fyller 86 år om få dagar.

Sjølv om det som kjent er ei tid for både alt og alle, har god musikk den fantastiske eigenskapen at den kan leve evig. For meg har det vore ein stor rikdom å bli kjent med desse komponistane. Av og til når eg vandrar i fjellet eller sit på hytteverandaen, slår eg på mitt indre stereoanlegg og lyttar til musikken deira.

Mot dei rette kulissene stig musikken fram av seg sjølv, utan elektrisitet og avansert avspelingsutstyr.