Laurdag 19. juni skjemtest eg over å vere nordmøring

20.06.2021
Skjermdump frå Romsdals Budstikke.https://www.rbnett.no/nyheter/2021/06/19/Solberg-%E2%80%93-La-min-flyforsinkelse-bli-den-siste-i-dette-sjukehusprosjektet-24150689.ece
Skjermdump frå Romsdals Budstikke.https://www.rbnett.no/nyheter/2021/06/19/Solberg-%E2%80%93-La-min-flyforsinkelse-bli-den-siste-i-dette-sjukehusprosjektet-24150689.ece

Da statsminister Erna Solberg la ned grunnsteinen for det nye fellessjukehuset på laurdag 19. juni, møtte berre ein av ordførarane på Nordmøre opp. Det var ein skandale. At dei fråverande i staden reiste til Kristiansund for å delta i Bunadsgeriljaen sitt arrangement, gjorde skandalen dobbel. Dei fremste politiske leiarane rundt om i kommunane bør vere i stand til å vise folkeskikk, respekt for statsministeren og respekt for lovleg fatta vedtak. Denne laurdagen klarte nordmørsordførarane ingen av delane.

Sjølv om striden rundt fellessjukehuset skulle vise seg å bli både lang og vond, starta det heile med idyll. I januar 2010 var nemleg samtlege ordførarar på Nordmøre samde om at eit fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal skulle utgreiast. I arkivet til Aura Avis finst det eit rørande bilde som viser eit nordmørsk ordførarkollegium i harmoni etter vedtaket. Det høyrer rett nok med til denne vakre historia at ordførar Per Kr. Øyen i Kristiansund allereie da var skeptisk. Han ville framleis kjempe for sjukehuset i Kristiansund. - Eg har skifta taktikk, og rir to hestar, uttala han.

Tidens Krav, seinare den fremste kanalen for all sutring og misnøye i Kristiansund, var på si side begeistra. Avisa skreiv på leiarplass at det var «historisk sus» over vedtaket. Tenk det. Smak på den!

Når vi no kjenner historia til denne saka, ser vi at det kristiansundsordføraren dreiv med i 2010, kun var eit spel for galleriet. I dag forstår alle at Kristiansund si støtte til eit fellessjukehus allereie frå første dag hadde som vilkår at sjukehuset vart plassert på tomta nærast nordmørsbyen, altså Storbakken. Dei sa berre ikkje noko om det. Da vedtaket om Hjelset kom, avliva Øyen den eine hesten. Leiarartiklane i Tidens Krav fekk plutseleg ein ny tone.

Resten av historia kjenner alle. Eg skal ikkje gå i detalj om kva eg meiner om alt det triste og meiningslause som har skjedd i den fasen. Det var heller ikkje hensikta med denne epistelen. Eg hadde berre eit behov for å seie at laurdag 19. juni skjemtest eg over å vere nordmøring.