Mannen som bana veg for nordnorsk fotball fyller 80

09.11.2021

9. november 2021 fyller fotballegenda Harald «Dutte» Berg 80 år. Han er ein av dei største norske spelarane gjennom alle tider - av Dagbladet sine lesarar i 1979 kåra til den aller beste.

Han var ein av mine store fotballheltar. Eit tidleg minne om Harald Berg er den historiske landskampen mot Jugoslavia i 1965, der Norge på ubegripeleg vis vann 3-0. Harald Berg sette inn det tredje målet. Seieren gjorde eit kolossalt inntrykk på ein langt over snittet fotballinteressert niåring.

Harald Berg er bror til Knut Berg, og far til Ørjan Berg, Runar Berg og Arild Berg - alle fire med erfaring frå toppserien. Han er dessutan bestefar til ein av dei store profilane på dagens Bodø/Glimt, Patrick Berg.

Alle ekspertar er samstemte om at ingen har betydd meir for nordnorsk fotball generelt, og Bodø/Glimt spesielt, enn Harald Berg. Han var ein sentral spelar på Bodø/Glimt da laget slo Vard i cupfinalen 2-0 i 1975. Denne bragden representerte eit nordnorsk gjennombrot for nordnorsk fotball.

Harald Berg hadde ein lysande proffkarriere i nederlandske ADO den Haag i åra 1969-1974, der han etter kvart fekk selskap av Molde-spelarane Harry Hestad og Thor Fuglset. Også her var han ein pioner. Norske utanlandsproffar var enno sjeldan kost i 1969. Etter 1971/72-sesongen vart Berg kåra til den beste midtbanespelaren i Æresdivisjonen og til den sjuande beste spelaren i heile ligaen.

Harald Berg spela 90 kampar for Bodø/Glimt i åra 1958-1964. Deretter vart det 98 kampar for Lyn frå 1965 til 1969. Som proffspelar fekk han 129 kampar for ADO den Haag. Karrieren vart avslutta med 135 kampar for Bodø/Glimt i tidsrommet 1974-1981. Harald Berg spela altså fotball på toppnivå heilt til han var 40 år.

«Dutte» står med 43 kampar for landslaget. Talet på landskampar ville ha vore langt høgare, hadde det ikkje vore for den tids regel om at utanlandsproffar ikkje kunne spele på landslaget.

I dag er Bodø/Glimt Norges beste fotballag, med stø kurs mot seriemeisterskap for andre året på rad. Harald Berg var med på å legge fundamentet for den eventyrlege suksessen som laget no opplever. For eigen del unner eg verkeleg denne heidersmannen eit nytt seriegull til Bodø/Glimt i 80-årsgåve.

(Kjelder: Wikipedia, Store Norske Leksikon og Avisa Nordland) 

Du kan sjå dei tre måla til Norge mot Jugoslavia her. Kommentatoren vi høyrer er Jan Frydenlund.