Ein banebrytande gitarist og eit viktig platekjøp

19.09.2021

Det er 51 år sidan gitargeniet Jimi Hendrix gjekk ut av tida. Han døydde 18. september 1970. Den offisielle dødsårsaka var  overdose av sovetablettar og inhalering av oppkast. Men rykter seier også at han vart drepen av sin eigen manager, som  etter å ha fora Hendrix med tablettar, skal ha helt rødvin ned i pusterøyret hans. Det er ikkje så godt å vite kva ein skal tru. Det finst jo også dei som framleis hevdar at Elvis lever og at Trump vann presidentvalet i USA i fjor. Uansett: Hadde JImi Hendrix levd, ville han ha fylt 79 år 27. november.

Eg tek fram det gamle eksemplaret av LP-plata «Voodoo Chile», som eg kjøpte saman med bror min tidleg på 1970-talet - mest truleg i 1972. «Voodoo Chile» kom ut i 1971 på billigserien Karusell Gold, som for blakke tenåringar var ei velsigning. Vi hadde vurdert kjøpet lenge. LP'en stod i stativet like innafor inngangen til samvirkelaget på Skei. Etter mykje for og imot, 20 kroner var mykje pengar og måtte brukast til sikre investeringar, vart det ein dag handel.

Platekjøpet vart startskotet til eit livslangt ihopehav mellom meg og Jimi Hendrix. Når det gjeld musikken hans, handlar det etter mitt syn ikkje berre om å like eller ikkje like. Hendrix var ein av verdas mest banebrytande gitaristar. Greier du å sjå det store i det denne mannen presterte, sit du også med nøkkelen til mange andre musikalske univers.

Ein av dei som særleg i tidlege år let seg inspirere av Jimi Hendrix, var Terje Rypdal. Rypdal er den gitaristen eg set høgast av alle. Slektskapet mellom dei to i musikalsk uttrykk og spelestil trer ofte fram, den dag i dag.

I alle år har det vore spekulert i om Jimi Hendrix på eit tidspunkt var på veg inn i trioen Emerson, Lake and Palmer. I så fall hadde vi fått HELP, og ikkje ELP. HELP såg aldri dagens lys, og det var nok det beste. Eg tvilar på om Keith Emerson og Jimi Hendrix kunne ha fungert som parhestar. Begge var individualistar som trong stor plass. Trioen var deira format. Jimi Hendrix gjekk for øvrig bort berre få månader etter at ELP vart stifta.

Eg legg «Voodoo Chile» på platespelaren. Tankane går igjen til samvirkelaget sitt platestativ, der vi gjennom tenåra stod og bladde, leste og drøymde i eit ukjent antal timar. Det låg også mykje læring i desse høgtidsstundene. Alle interessante cover vart finstudert oppatt og oppatt. Namna på musikarar og grupper sit enno som spikra.

«Music doesn't lie. If there is something to be changed in this world, then it can only happen through music», sa Jimi Hendrix. Så stor tru hadde han på musikken, som han i løpet av sitt korte liv gjorde meir enn dei fleste for å utvikle.