Trufaste julegjester i åtti år

01.12.2021

To kjente og kjære julegjester, teikneseriehefta Smørbukk og Vangsgutane, fyller 80 år i år. Smørbukk vart først trykt som teikneserie i Norsk Barneblad frå 1938, medan Vangsgutane for første gong vart presentert i Nynorsk Vekeblad nummer 17, som kom ut 6. november 1940. Frå 1941 kom begge ut som julehefte.

Alle som er glade i dei tradisjonelle julehefta kjenner desse to hefta og persongalleriet som går att frå år til år. Salstala held seg også godt, sjølv om urbane forståsegpåarar kvart år har glede av å snakke ned både Vangsgutane og Smørbukk. Dei er umoderne, moralistiske og utgått på dato, får vi høyre.

Men folk flest meiner noko anna. Så seint som i 2018 var Vangsgutane det sjette mest populære juleheftet i Norge. Tre år tidlegare offentleggjorde NRK ei liste over salet, fordelt på landsdelsvise topp 5-lister. På desse listene vart resultatet slik:

Trøndelag:
Vangsgutane 2. pl.

Sørlandet:
Vangsgutane 3. pl.
Smørbukk 5. pl.

Rogland:
Vangsgutane 4. pl.

Hedmark:
Vangsgutane 5. pl.

Hordaland, Møre og R. og Sogn og F.:
Vangsgutane 2. pl.
Smørbukk 4. pl.

Nordland:
Vangsgutane 4. pl.

I 2015 var Vangsgutane det femte mest selde juleheftet i landet. Vi ser at Smørbukk også hevdar seg. Men konklusjonen blir likevel at Vangsgutane i dag har eit større publikum enn Smørbukk.

Dei norske julehefta har ei lang historie. Ifølge Store norske leksikon kom det første heftet ut i Drammen i 1817, og bar namnet Julegave eller en liden samling av udvalgte Selskabs- og Drikkeviser ved norske Forfattere. I dag er det meir enn 50 av det ein kan kalle landsdekkande julehefte i handelen i Norge. I tillegg kjem ei uhorveleg mengde av lokale variantar.