Juleminne frå Sætervika

20.12.2021

Fire dagar før julaftan kan det passe med eit knippe gamle julekort. 

Søskenbarnet mitt, Eyvind Sæthervik, har sendt meg desse korta, som han har etter vår felles oldemor i Sætervika, Magnhild Sæthervik (1863-1946). Magnhild var mormor til fedrene våre, Erling Sæthervik og Johan Ansnes.

Sjølv om Posten framleis handterar mange julekort, er dette ein tradisjon som dessverre ser ut til å vere på veg ut. Julehelsingane er i ferd med å flytte seg over på digitale plattformar.

Har du sans for julenostalgi, kan du nyte bildeserien nedanfor. Sjå på dei fine motiva og - ikkje minst - den elegante handskrifta! Korta er frå perioden 1937-1945.