«Nu er det jul i vårt hus»

18.12.2021

To nissar, ein katt, litt julepynt og eit vinterlandskap. Ikkje så veldig vidløftig, kanskje. Men for meg er dette broderiet sjølve jula.

Mi farmor, «Bestemor Bøfjorda», var eit ivrig handarbeidsmenneske. Ho ga meg det broderte bildet til jul ein gong på 80-talet. Da var bestemor langt over åtti år gammal, men framleis stø på handa og klår i hovudet som en tjueåring. Sidan har nissane og katten hatt sin sjølvskrivne plass i stua kvar einaste jul.

Jul handlar mykje om minne og assosiasjonar. Bildet er eit kjært minne om bestemor. Samtidig trekkjer det trådar tilbake til barndommens jul heime på Kvennbø. Også der hang eit tilsvarande broderi frå bestemor si hand på veggen i jula.

Når ein begynner å kome opp i åra, er det mange juleminne som strøymer på etter kvart som høgtida nærmar seg. Fleire enn eg kjenner sikkert at forventninga og gleda frå oppveksten ikkje heilt let seg gjenskape. Men det er likevel lov å være barnsleg og glede seg til jul, også i vaksen alder. Ja, det er ikkje berre lov. Det er til og med viktig.

Folk feirar jul på forskjellig vis, og fyller ho med ulikt innhald. Men felles for alle er at vi har godt av å ha noko å sjå fram til. Noko som lyser opp i vintermørket, og skaper avbrekk i kvardagen.

Det er siste adventshelga. I Robinsonmarka 26 gjer jula sakte, men sikkert sitt inntog. Alt er vaska og pussa. Rundt meg puslar Mette, som på sitt stille vis ordnar opp og skaper julestemning og trivsel - utan at eg heilt greier å forstå når arbeidet har vore gjort. Da ho i går hengte opp bestemor sitt broderi, gjekk det opp for meg at jula faktisk er like om hjørnet.

Sidan vi blir borte frå onsdag, skal juletreet på plass allereie i morgon. Når det er gjort, kan vi atter ein gong seie: «Nu er det jul i vårt hus». 

«Folk feirar jul på forskjellig vis, og fyller ho med ulikt innhald. Men felles for alle er at vi har godt av å ha noko å sjå fram til»