Ute av kontroll

02.12.2021

25. september i år sat eg på ein uterestaurant i Oslo. Vi var mange familiemedlemmar samla til eit triveleg lunsjmåltid. Klokka 16 braut det ut applaus rundt borda. Landet var opna, og vi kunne igjen få leve som normalt. Trudde vi.

No har det gått litt over to månader. Smittetrykket i Norge er høgare enn nokon gong. Media melder om 3.780 smitta det siste døgnet. Av desse er 1.037 heimehøyrande i Oslo. Koronaviruset, no med omikronvarianten som spydspiss, set stadig nye rekordar. Smitteverntiltaka blir igjen skjerpa.

Ingen veit enno kor farleg eller smittsam omikronvarianten eigentleg er. Det vil gå fleire veker før den medisinske ekspertisen kan gi oss eit sikkert svar. I mellomtida klamrar vi oss til håpet om at vaksinering vil vere det beste våpenet også mot den nye varianten.

Det er vel like greit å la vere å spekulere for mykje på kva som skjer om så ikkje skulle vere tilfelle...

Statsministeren er veldig oppsett på at ingen skal bidra til å hausse opp situasjonen nødvendig. Vi må vere forsiktige med språkbruken, er bodskapen. Det er sjølvsagt kloke ord. Samtidig må han ha forståing for at mange er redde og usikre på kva framtida vil bringe. Det gjeld både politikarar, journalistar og folk flest.

Eg er ikkje redd, men usikker og lei. Dessutan sit eg med denne nagande tanken: Akkurat no er pandemien ute av kontroll.