Bjørn Dæhlie har rett - fjern klassisk

30.03.2021

Bjørn Dæhlie meiner at den einaste måten å redde langrennssporten på, er å fjerne klassisk stil. I eit land som historisk sett har vore imot all endring innan idretten, blir synspunkt som dette ein brannfakkel.

Eg for min del trur Dæhlie har rett. Langrenn er på veg til å bli ein idrett for spesielt interesserte i Norge pluss nokre få land til. Ein har lite å tape på å prøve eit drastisk grep, som siste utveg for å hindre den endelege undergangen.

- På hele 1980-tallet ble vi slått av svensker, russere og finner. Italia, som alltid var med i toppen, er nå helt borte. Sveitserne er nesten borte. Tyskland er borte. I Sverige er herreløperne radert bort, med unntak av Jens Burman, seier Dæhlie til VG.

Han viser til at i dei siste to VM har norske herreløparar tatt 11 av 12 gull. I VM i Oberstdorf tok dei norske herreløparane alle medaljene bortsett frå to. Den som ikkje ser skrifta på veggen, er rimeleg blind.

Vår tidlegare skikonge meiner det ville ha vorte lettare å rekruttere langrennsløparar i utlandet om det var berre ein stilart.

- I Mellom-Europa kommer det ikke til å skje at en familie slipper ut barna sine på klassiskski. Skal de ut på ski, så er det på skøyteski, seier Dæhlie, som også peikar på at langrenn har vorte ein svært dyr idrett - minst like dyr som alpint. Med berre ein stilart slepp foreldra unna med eitt par ski til poden. Festesmurning vil vere ein saga blott.

For eigen del har tvilt meg fram til at det vil vere rett å fjerne klassisk stil i langrenn. For ein som hugsar Gjermund Eggen og Johs Harviken sine estetiske klyv ute i løypene, sit det langt inne. Men det blir ikkje delt ut stilkarakterar i langrenn. Dessutan ligg det noko naturstridig i at løparane skal tvingast til å gå med bremsen på, i ein idrett der alt handlar om å kome fortast mogleg til mål.

Eg har ofte tenkt på skileiken i oppveksten. Av og til var det nokon som ropte: «Førstemann til treet der borte!» Vi la i veg, det beste vi kunne. Og kva skjedde? Jo, alle tok skøytetak. Instinktivt bruka vi den teknikken som ga størst fart.

Det er på tide at dei beste løparane i verda får gjere det same, utan å bli diska.