47 år sidan det historiske treskiløpet

19.02.2021

19. februar er det 47 år sidan Magne Myrmo gjekk i mål på Lugnet stadion i Falun og vart den siste verdsmeisteren på treski. Han vann rennet ni tidelar føre Gerhard Grimmer frå DDR.

Overgangen til glasfiberski går inn i rekka av endringar som har revolusjonert skisporten. Som vanleg var Norge imot denne gongen også.

Oddvar Brå skreiv kontrakt med Fischer allereie etter 1973-sesongen. Dette skapte stort oppstyr, som enda med at Brå vart tvinga til å halde fram med Landsem sine treski. Fischer-kontrakten hamna til og med i Stortinget, der alvorstynga politikarar snakka om tradisjonar og arbeidsplassar.

Men utviklinga let seg ikkje stoppe. Norsk langrennssport måtte omstille seg, og det same vart skifabrikkane tvinga til. Det låg inga framtid i å produsere treski lenger.

15-kilometeren i Falun i 1974 gjekk midt på dagen. Eg gjekk på gymnaset på Tingvoll på denne tida, og eg hugsar at vi fekk fri til å sjå innspurten. Minnet om Magne Myrmo på oppløpet har brent seg fast. Ikkje fordi han gjekk på treski - det var vi vel ikkje så opptekne av der og da - men fordi løpet var så spennande.