Skihopparen som lærte meg sjakk

27.11.2021
Underteikna saman med læremeister John og Ane Øye. Bildet er tatt på Gjeret, mest truleg i 1961.
Underteikna saman med læremeister John og Ane Øye. Bildet er tatt på Gjeret, mest truleg i 1961.

Det er tid for sjakk på TV igjen. Folk samlar seg framfor TV-skjermen for å følge med, mange utan å skjøne noko som helst av spelet.

Sjølv lærte eg sjakk av John Gammelbu'n. John var vel det ein i ordet si mest positive tyding kan kalle ein original. Men spesielt ein ting gjorde at vi gutane såg opp til han; John hadde hoppa i Holmenkollen. No minna han vel strengt tatt ikkje så mykje om ein skihoppar på sine eldre dagar. Men foto av John frå velmaktstida viser ein atlet i elegant svev. For småkarar som bygde bakke bak fjøset og drøymde om pokalar og store sigrar, var «Gammelbuinn» ei inspirasjonskjelde.

Og så spela han sjakk. Rundt konfirmasjonsalderen kjøpte eg meg eit sjakkspel i Kristiansund, og hadde lyst til å lære. Sjakkmiljøet på Kvennbø var mildt sagt labert, så eg måtte ut av grenda for å skaffe meg kunnskapen. Ein søndag ettermiddag kasta eg meg på sykkelen, troppa opp på Gammelbu'n og spurde om John kunne lære meg sjakk. Det var ikkje nei i hans munn, og etter ein del timar ved brettet kunne eg grunnprinsippa. Det var starten på mi svært beskjedne karriere som sjakkspelar.

Det er ikkje lenge sidan dei færraste tenkte på sjakk som TV-underhaldning. I dag samlar denne sporten fleire hundre tusen sjåarar. Klassisk langsjakk er sakte-TV i ordet si mest ultimate tyding. Eit sjakkparti kan vare like lenge som ein arbeidsdag. Men eitt eller anna er det altså med dette spelet som engasjerar.

Det hjelper sjøvsagt at Magnus Carlsen både er norsk og verdas beste spelar. I tillegg kjem eit påkosta sendeopplegg frå NRK-side. Sjakknerdane Torstein Bae og Atle Grønn kan også å underhalde. Dei er slett og slett to funn, som må tilskrivast mykje av æra for sjakksuksessen.

Kampen om VM-tittelen varer til 14. desember. Mange gjestar skal innom NRK-studioet  i løpet av VM-kampen. 11. desember kjem sjølvaste statsministeren.