Meiningstyranni og oppdikta reiseavstandar i sjukehusdebatten

22.09.2021

Jan-Erik Larsen frå Kristiansund, tidlegare redaktør i Tidens Krav og statssekretær, no profilert kommunikasjonsmann, tippa under ei valsending på TV2 Ingvild Kjerkol (Ap) som ny helseminister. Kristiansundarane kvitterte med rundt 200 hets- og hatmeldingar. Det har seg slik at Kjerkol vil samle fødetilbodet på Hjelset. Derfor ønskjer mange i ballbyen Kjersti Toppe (Sp), som går inn for å oppretthalde fødeavdelinga i Kristiansund.

Vi kan altså konstatere at sjukehusfanatikarane i Kristiansund ikkje berre for lengst har oppheva dei fleste normer for folkeskikk i det offentlege ordskiftet. No blir heller ikkje ytringsfridom akseptert. I alle fall ikkje i denne saka. For ein fagmann som Larsen, som lever av å analysere norsk politikk, er det ikkje eingong lov å på fritt grunnlag tippe kven som blir ny helseminister. Dette må vel kunne kallast meiningstyranni.

- Jeg er blitt kalt sviker, forræder og forskjellig annet. Jeg er blitt kontaktet for å si at jeg må dementere, korrigere - og som et minimum si at Toppe også kan bli helseminister. Noen mener at jeg ikke kan bestemme dette, og det er jeg jo enig i. Jeg bestemmer ikke dette. Andre mener at jeg har «sviktet Kristiansund» og at jeg «går mot hjembyen min», seier Larsen til Tidens Krav. Han meiner at heile debattkulturen i Kristiansund er på veg til å bli alvorleg forgifta.

Det er no i alle fall ikkje å ta for hardt i. Vi har sett teikna på ein sjukeleg debatt heilt sidan vedtaket om å legge fellessjukehuset til Hjelset vart gjort. Sidan har det heile balla på seg. Kampen om fellessjukehuset, som Kristiansund i si tid støtta varmt, er tapt. No handlar det om fødeavdelinga. Alt er visst lov, både når det gjeld debattnivå og desinformasjon om t.d. reisetid til Hjelset.

Ein del av denne desinformasjonen er at delar av ytre Nordmøre vil få fire timars reiseveg til det nye sjukehuset. Det er rett og slett usant. En sjekk av reisetider og -avstandar viser følgande:

Folk på Vihals, lengst nord i Aure, får ei køyretid på to timar og femten minutt til Hjelset. I tillegg kjem ferja på 25 minutt. Dei som bur på Veiholmen på Smøla må køyre i overkant av to timar for å kome til det nye sjukehuset. I tillegg kjem to ferjeoverfartar på til saman 45 minutt.

Risikoen for at det skal skje ein fødsel om bord på ei ferje blir ikkje større i framtida enn kva den er i dag. Ferjene er dei same, enten fødande skal til Kristiansund sentrum eller Hjelset. Forskjellen i reisetid er på under ein halv time. Mellom Storbakken, Kristiansund sitt alternativ til tomt for fellessjukehuset, og Hjelset er den enda mindre.

På Smøla vart det for øvrig født 22 ungar i fjor, i Aure 30 og Kristiansund 186. Averøy hadde 51. I det området som no påstår å få rasert fødetilbodet sitt, er det altså i snitt rundt seks fødslar i veka.

Men slike fakta passar ikkje inn i ei oppkonstruert forteljing om fødslar om bord på ferjene og ei dramatisk forlenging av reisevegen. Akkurat like lite som eit objektivt og begrunna tips om kven som blir den nye helseministeren...

Eg kom på eit møte for nokre år sidan i prat med ein redaktørkollega frå Nord-Norge, der folk har eit anna forhold til avstandar enn oss lenger sør. Han hadde høyrt om sjukehusbråket på Nordmøre og i Romsdal, og ville vite kor langt det er mellom Storbakken og Hjelset. Da han fekk høyre svaret, begynte han å le. Høgt.