Eit mesterverk bak ein glidelås

23.04.2021

Eg har aldri hatt noko nært forhold til Rolling Stones. Med unntak av «Sticky Fingers», tykkjer eg at mykje av det gruppa har prestert er nokså ordinært. Men det er no min smak. Nokre millionar platekjøparar på jorda har eit heilt anna syn.

Unntaket «Sticky Fingers» er til gjengjeld ei drivande god plate. Ja, rett og slett noko av det beste som kom ut i gullåra tidleg på 70-talet. Albumet vart utgjeve 23. april 1971, og kan dermed feire 50-årsjubileum. Eg vart kjent med plata da min gode ven Bjarne kjøpte ho. Det må ha vore våren eller sommaren 1971.

Eg kan ikkje la vere å ta med ei tragikomisk historie knytta til denne handelen: Ein dag fekk Bjarne besøk av ein «gjevorning» frå nabolaget. Han ville høyre Rolling Stones. Det hadde seg slik at guten bar hatt. Under lyttinga vart han så interessert at han bøygde seg over platespelaren, for så å skyve stiften innover plata med hattebremmen. Resultatet vart hakk, riper og fleire øydelagde spor.

Det var ein katastrofe. Eit album kosta rundt 40 kroner den gongen, noko som i dag tilsvarar 330 kroner. LP-platene vart difor behandla som gull.  Eit lyst hode foreslo at eigaren skulle få fire kroner i erstatning for kvar song med hakk. Erstatningsoppgjøret vart, etter det eg veit, aldri gjennomført.

Men tilbake til musikken. «Sticky Fingers» består av ti songar. Åpningssporet «Brown Sugar» vart gitt ut som singel, og nådde førsteplass på hitlistene i USA og andreplass i Storbritannia. Albumet toppa listene i USA, England, Australia, Canada, Tyskland, Nederland, Sverige og Norge.

Besetninga på plata er legendarisk: Mick Jagger, Keith Richards, Charlie Watts, Bill Wyman og Mick Tylor. «Sticky Fingers» er den første plata der Tylor, som tok over som gitarist etter avdøde Brian Jones, er med som fullverdig medlem. Mange Stones-kjennarar meiner at Tylor er den beste musikaren som nokon gong har vore innom bandet. Keith Richards skriv i sin sjølvbiografi: «Jeg var i ærefrykt noen ganger av å lytte til Mick Taylor, alt var der i hans spill - den melodiske touchen, en vakker toneklang og måten å lese en sang.»

Coveret på «Sticky Fingers», med ein ekte glidelås som det gjekk an å dra opp og ned, vekte stor oppsikt. Mannen bak kunstverket var Andy Warhol.

Medan eg festar desse skribleria til skjermen høyrer eg på «Sticky Fingers». Og ja, dette held mål den dag i dag. Musikken kallar fram assosiasjonar og bilde frå ei sorglaus tid. Det luktar sommar, sol og slåttonn. Og eg minnest han med hatten - ein godhjarta kar som gjekk ut av tida så altfor tidleg.