52 år sidan tippekampen kom inn i stua

29.11.2021

Har du eit tilstrekkeleg utval med kanalar i TV-pakken din, kan du i praksis sjå fotball døgnet rundt. Det går alltid ein kamp ein eller annan stad - om ikkje anna i reprise.

Vi som fekk oppleve fjernsynet sin barndom, veit at at det ikkje alltid har vore slik. På 60-talet kunne det gå månader mellom kampane - heilt til tippekampen kom i 1969. 29. november dette året kunne vi sjå den første. Wolverhampton slo Sunderland 1-0. Det heile var ein sensasjon.

Heilt problemfritt gjekk ikkje den første sendinga. Bildet forsvann i delar av første omgang. Dessutan var lydproblema så store at kommentator Jarle Høysæter, som var på plass i England i god tid, måtte kaste seg på eit fly tilbake til Oslo tidleg på kampdagen for å kommentere frå studio.

Ingenting av dette overskygga begeistringa over å få engelsk fotball rett inn i stua. Folk var frå før vande med litt av kvart på denne tida. Sendaren på Reinsfjellet datt ut rett som det var, og plakatar som «brudd på bildesambandet med utlandet» og «beklager teknisk feil», dukka ofte opp på skjermen. Men folk klaga ikkje. Vi var ikkje så blaserte da som no.

NRK sat med rettane til kampane frå England fram til våren 1995. Statskanalen sendte sin siste kamp 8. april 1995 - nummer 370 i rekka.

Tippekampane førte til auka interesse ikkje berre for engelsk fotball, men også for fotballtipping. Det berømte plinget når det var scoring i kampane på kupongen, gjorde kampane til eit spennande høgdepunkt på laurdagen. I 1969 var var gjennopmsnittspremien for tolv rette 33.386 kroner, eit beløp som i dag tilsvarar over 320.000 kroner. Tolv rette var dermed mykje meir verdt i 1969 enn i dag. Løna for eit normalårsverk var litt over 28.000 kroner for 52 år sidan. I dag er gjennomsnittsløna 585.000 kroner.

«Plingefest» skulle visstnok også vere ein populær syssel blant delar av fotballfansen. Slik festar gjekk ut på at deltakarane tok seg ein slurk av det sterke kvar gong det kom eit pling. Målrike kampar sette dermed ein spiss på desse samankomstene. 

Arne Scheie kommenterte heile 123 av NRK sine tippekampar. Dei andre kampane fordeler seg slik på sju andre kommentatorar: Øivind Johnsen - 77 kampar, Knut Th. Gleditsch - 76 kampar, Rolf Hovden - 35 kampar, Terje Dalby - 26 kampar, Kjell Kristian Rike - 7 kampar, Jarle Høysæter - 4 kampar og Sølve Grotmol - 2 kampar.