Vinteridrett for alle vindar

11.12.2021

NRK har mista rettane til nesten all vintersport. NENT Group/Viasat sender verdscupen i langrenn, hopp, kombinert, alpint og ski-VM for Skandinavia frå sesongen 2021/2022. Samtidig skal NRK og TV dele på alle verdscup i langrenn i Norge. Denne vinteren er langrenn spreidd på fire kanalar. Litt enklare er det med skiskytinga, som fram til 2026 blir delt mellom NRK og TV2.

Det er pengane som rår. Ikkje eingong ein gigant som NRK hadde økonomisk kraft til å konkurrere med NENT Group/Viasat da slaget om senderettane stod i 2019.

Men gagnar dette kappløpet idretten sjølv? Det kan nok diskuterast. «Produktet» vinteridrett har ein stor marknadsverdi, det er det ingen tvil om. Baksida av medaljen er at ingen av dei kanalane som no sender vinteridrett er i nærleiken av NRK når det gjeld sjåartal. Det er til skade for idretten.

Eit døme er skøytesporten, som forsvann til NENT i fjor. Bruken av ordet «forsvann» her er ikkje tilfeldig. For det var akkurat det som skjedde. Skøytesporten har hamna i skuggenes dal. Sjåartala er svært låge. Det sender denne heiderskrona sporten inn i ein negativ spiral med svekka interesse, som igjen går ut over rekrutteringa.

Eg veit ikkje når sist eg såg skøyter på TV.

Om det same skjer med nordiske greiner, gjenstår å sjå. Skal eg bruke meg sjølv som eksempel, kjem det til å gå dårleg. Så langt i år har eg ikkje sett alpint. Det har vorte nokre korte glimt med kombinert og langrenn. Hopp er derimot så viktig at det spelar ingen rolle kor renna går. Der ser eg alt. Punktum. Sendingane på TV3 held for øvrig høg kvalitet.

Nokon vil kanskje meine at eg er ein ekstra lat person som sit fast i NRK-nostalgien, utan evne til å orientere meg i ei ny TV-verd. Kanskje det. Men eg trur ikkje det er så enkelt. Dette handlar om å endre sjåarvanar. Det er ikkje gjort over natta. I ein del samanhengar har det vist seg at det faktisk ikkje er mogleg.

Igjen kan forvente at NRK skal ha hand om all vinteridrett. Men no har det i grunnen gått aldeles gale for statskanalen. Kva om vi berre hadde betalt litt meir i lisens opp gjennom åra? I dag er NRK finansiert over skatteseddelen. Ordninga med lisens er avvikla. Omleggginga førte til ein skatteauke på rundt 3.300 kr. for ein familie på fire. Det utgjer mindre enn 8,80 kr. pr. dag. Det er det same som å abonnere på ei middels stor norsk avis.

Så altså: Kva om alle bidro litt meir, om det så var berre ei ei krone meir om dagen? Det ville ha gitt NRK andre musklar. Eg kan ikkje fri meg frå tanken. Etter mi meining er prisen for å ha ein reklamefri allmennkringkastar framleis latterleg låg.