Takk og pris for at idretten får halde på

04.03.2021

I fleire veker har vi sett vinteridrett frå øvste hylle. No går den lange VM-perioden med sport på TV så å seie kvar dag mot slutten. Det er straks finale også i Oberstdorf.

Mange har hatt meiningar om desse meisterskapa. Det finst dei som hevdar at all toppidrett burde ha vore stoppa for lenge sidan. Andre har altså meint at det er fullt mogleg å arrangere VM innafor forsvarlege rammer, sjølv under ein pandemi.

Tre dagar før alt er over, må konklusjonen bli at det har gått rimeleg bra. Samtidig er det ikkje tvil om at det å arrangere store meisterskap i det er sterke smittetrykket som ligg over Europa no, må reknast som rein risikosport. Når skihopparen Halvor Egner Granerud blir smitta, ser vi at sjølv den mest forsiktige ikkje kan gardere seg hundre prosent. Vi får vel seie at både arrangørane i Oberstdorf og Norge, så langt, slapp med skrekken. Det norske hopplandslaget med tilhøyrande støtteapparat kunne like godt at vore i isolasjon no. Ja, heile ski-VM kunne ha vore over, om smitten hadde tatt dei rette vegane. Marginane er små.

Det er ikkje umogleg å forstå kritikarane sitt argument om at det er meiningslaust at den internasjonale toppidretten får lov til å halde på under ei global krise. På den andre sida meiner eg at det går an å målbere tyngre argument for at idretten nettopp i ei slik tid er viktig. Folk treng oppmuntring, underhaldning og lynavleiarar frå den triste koronakvardagen. Her er eg overtydd om at all TV-sporten gjennom vinteren har spela ei viktig rolle for mange.

Min påstand er derfor at om dei snusfornuftige hadde fått stoppa all idrett, ville det ha stått dårlegare til med den norske folkehelsa etter eit år med strenge koronarestriksjonar. Så: Takk og pris for at idretten får halde på.