Seks koner og ein trollmann med tangentar

19.05.2021

Kong Henry VIII var storforbrukar av koner. Han hadde seks, og fekk to av dem halshogd.

Dette bisarre bakteppet inspirerte keyboardfantomet Rick Wakeman til å lage albumet «The Six Wives of Henry VIII» i 1973. Wakeman var på denne tida tangentmann i gruppa Yes, og fann tid til å lage soloalbumet mellom Yes sine plater «Close to the edge» og «Tales from Topographic Oceans».

The Six Wives of Henry VIII er ei instrumentalplate med seks komposisjonar - ein for kvar kone. Med unntak av vokalist Jon Anderson, deltek mellom mange andre alle bandmedlemmane i Yes på plata.

Tidleg på 70-talet var det strid mellom dei lærde om kven som var størst og best av organistane Keith Emerson og Rick Wakeman. Emerson har vore min store helt i meir enn femti år, så for meg er den debatten daud. Men sjølvsagt var, og er framleis, Wakeman ein musikar frå øvste hylle. Det han presterer på «The Six Wives of Henry VIII»  er umåteleg briljant, både komposisjonsmessig og teknisk. Ei fenomenal plate, rett og slett.

Ein kompis av meg, ein verkeleg innbarka Yes-fan, kjøpte plata med det same ho kom ut. Han hadde ikkje platespelar på hybelen, men det hadde eg. Eg hugsar det vart ein andektig musikkveld i den ikkje altfor luksuriøse residensen min på eit loft på Saghøgda.

Eg festar desse linene til skjermen 19. mai. På denne dagen i 1536 vart kong Henry VIII si andre kone, Anne Boleyn, på kongens ordre henretta.

Hør komposisjonen Anne Boleyn her.