17. mai: Skal vi beundre vår eigen navle eller vende blikket mot omverda?

16.05.2022

For første gong sidan 2019 skal feire 17. mai på normalt vis. Pandemien er nedkjempa. Likevel er bakteppet for årets nasjonaldag dystrare enn på svært mange år. Russland sitt angrep på Ukraina har vist oss at fridom er noko vi ikkje kan kan ta for gitt.

«Det er alvor nå. Russlands invasjon av Ukraina bringer Europa inn i en ny tid. En farlig tid, der ingen europeer kan ta freden for gitt», skreiv VG på leiarplass same dag som krigen braut ut. No har Vladimir Putin sine ugjerningar i Ukraina pågått i snart tre månader. Ingen veit kor lenge krigen vil vare. Det einaste som vel er sikkert, er at verda ikkje har råd til at Russland vinn.

17. mai 1814 vart Norge si grunnlov underteikna av presidentskapet i Riksforsamlinga på Eidsvoll. Derfor feirar vi denne dagen. Nordmenn flest har nok eit heller fjernt forhold til Grunnlova. Vi har høyrt om ho, men veit - bortsett frå nokre få paragrafar som er meir kjente enn andre - lite om kva som står der. I dag har Grunnlova 121 gjeldande paragrafar. Eidsvollmennene si opprinnelege lov hadde 110.

Det er ikkje noko poeng å kunne Grunnlova på rams. Men 17. mai er eit passande høve til å tenke over at lova er meir enn eit gammalt og falma dokument. I Grunnlova ligg fundamentet for staten Norge - det frie og velståande landet vi er så glade i.

Nasjonaldagen gir oss grunn til å kjenne på takknemlegheit. Vi nordmenn er eit privilegert folkeferd. Kløktige politikarar har opp gjennom åra forvalta arven frå Eidsvoll på ein måte som gjer at vi i dag verkeleg har mykje å takke for. Gjennom media får vi dagleg sterke inntrykk som fortel at det også finst ei verd som ser heilt annleis ut enn hos oss.

17. mai er ein dag der vi gjerne må feire oss sjølve. Så må vi samtidig passe på nasjonaldagen ikkje endar opp i beundring av vår eigen navle og dyrking av nasjonal egosime. Avstanden mellom sunn patriotisme og farleg nasjonalisme er dessverre ikkje så stor. Russland sin president utfordrar den freden og stabiliteten som vi har vent oss til gjennom dei siste 77 åra. Det gjer det naturleg å bruke nasjonaldagen til også å vende blikket mot omverda, i solidaritet med dei som no kjempar for fred og sjølvstende.

Vi er ikkje åleine på denne planeten. Ikkje eingong is, brus, pølser og hornmusikk i store mengder gir oss lov til å gløyme det.