Eit musikalsk gullår: Her er mine 1971-favorittar

23.11.2021

For mange av oss som vart fanga av rocken i overgangen mellom 60- og 70-talet, står 1971 som eitt av denne perioden sine verkelege gullår. Det kom ut utruleg mykje bra musikk dette året.

Sidan desse platene no kan feire 50-årsjubileum, har eg tatt eit lite dykk i platesamlinga for å plukke ut nokre album frå dette året som har betydd ekstra mykje for meg. Lista inneheld tolv album, plukka ut etter ei heilt subjektiv vurdering.

Mange godbitar frå 1971 er ikkje nemnt, og andre kan vere gløymde. Det får stå sin prøve. Dette er heller ikkje noko forsøk på å framheve mine favorittar som betre enn det andre måtte like. Heldigvis har folk ulik musikksmak og forskjellig syn på kva som er kvalitet og ikkje.

Albuma er opplista i alfabetisk rekkefølge.

Aqualung - Jethro Tull
Jethro Tull sitt beste album er etter min smak Benefit, som kom året før. Men Aqualung ligg ikkje langt etter, og forsvarar sin plass på denne lista med glans. Tittelkuttet inneheld det som mange meiner er Martin Barre sin aller beste gitarsolo. Det er ei vurdering eg kan slutte meg til. Aqualung er ei spennande blanding av musikk som på den eine sida nesten grensar til tungrock, med stemningsfulle, akustiske og nedstrippa viser som effektfull kontrast.

Broken Barricades - Procol Harum
Sjølv om Procol Harum tidvis var betre både før og etter denne plata, kan eg ikkje unngå å ta den med. Broken Barricades kom ut i ei slags brytningstid for bandet. Uttrykket her er røffare enn det vi høyrer på dei fire forgjengarane. Plata er også den siste med gitaristen Robin Trower. Trower var tydeleg inspirert av Jimi Hendrix. Kuttet Song For A Dreamer, eit av dei få der Trower syng, er ein hyllest til den avdøde gitarlegenda.

Fragile - Yes
Etter kvart som karrieren til bandet skreid fram, vart dei kritiserte for både gigantomani og si tilsynelatande evige jakt på det perfekte. Kritikken for gigantomanien kan eg forstå. Det med perfeksjonismen blir for meg berre nonsens. Fragile er Yes sitt første album med tangentfantomet Rick Wakeman, og etter mitt syn bandet sitt beste. Gjennomarrangert progrock, ja. Men også elegante islett av rein popmusikk. Og tøffare bassist enn Chris Squire fanst det knapt tidleg på 70-talet. Lytt til Heart Of The Sunrise!

Friendship - Junipher Greene
Dette er rett og slett eit meisterverk. Fleire norske band ga ut banebrytande album på denne tida, men ingen ragar høgare enn denne. Friendship var Norges første dobbeltalbum, til overmål med eit utbrettscover måla av den da unge Odd Nerdrum. Ein av produsentane var legendariske Harald Are Lund. Av mange høgdepunkt på plata trekker eg fram Prelude: Take The Road Across The Bridge. Genialt, vakkert og tidlaust!

Islands - King Crimson
Ein viktig grunn til at eg fatta interesse for King Crimson var nok at Greg Lake frå ELP hadde vore medlem der. Dette er gruppa sitt fjerde album, og det andre utan Lake. King Crimson held det gåande den dag i dag, og gjennom åra har meir enn tjue musikarar vore innom. Det er ei over 50 år lang musikalsk reise som har gått i fleire forskjellige retningar, kompromisslaust styrt av gitarist og komponist Robert Fripp. Islands er ein interessant stoppestad.

Meddle - Pink Floyd
For meg er dette gruppas beste album, i hard konkurranse med Animals. På Meddle har Pink Floyd gjort seg ferdige med den psykedeliske ungdomstida, og er på veg mot eit musikalsk uttrykk som vart fullenda med Dark Side Of The Moon to år seinare. Plata opnar med One Of These Days, ein kraftfull låt med ei bassline spela av to bassgitarar. Over 23 minutt lange Echoes dekker heile side 2 på LP-utgåva. Den flottaste komposisjonen Pink Floyd nokon gong har laga. Mi ærbødige meining!

Nursery Cryme - Genesis
Dette er gruppa sitt første album med den klassiske besetninga Peter Gabriel (vokal), Tony Banks (keyboards), Mike Rutherford (bass), Phil Collins (trommer) og Steve Hackett (gitar). Denne gjengen skulle i nokre år framover skape ei rad med praktfulle album. Nursery Cryme er ein særs god start, som peikar fram mot meisterverk som Foxtrot og Selling England By The Pound.

Rolling Stones - Sticky Fingers
Stones har aldri vore mi gruppe. Denne plata er unntaket som bekreftar regelen. Sticky Fingers er ein av mine favorittar frå 70-talet. Her går gruppa delvis inn i eit litt anna musikalsk landskap enn tidlegare, i kombinasjon med låtar som «Brown Sugar» - som vel er så erke-Stones som det går an å bli. Mick Taylor sitt gitarspel er åleine ein grunn til å kjøpe denne plata.

Santana III - Santana
Med sin latinamerikansk inspirerte rock slo Santana igjennom med låtar som Evil Ways og Black Magic Woman. På dette tredje albumet utvida dei besetninga med den da berre 17 år gamle gitaristen Neal Schon, som mange år seinare skulle gjere stor suksess med gruppa Journey. Eg har alltid tykt at Santana III er ei fenomenal plate, fylt av speleglede og musikalsk kreativitet. Besetninga frå denne plata, minus den avdøde bassisten David Brown, kom i 2016 saman på nytt og laga den drivande gode Santana IV.

Tarkus - Emerson, Lake & Palmer
Skulle eg ha rangert platene på denne lista, ville Tarkus ha kome heilt på topp. Tarkus er ei plate som har betydd vanvittig mykje for meg dei siste femti åra. Dette er ELP sitt andre album, der Tarkus-suiten strekker seg over heile side 1. Stykket er er ein bauta i gruppa sin karriere - den ultimate ELP-komposisjonen. Keith Emerson var ein trollmann bak tangentane. Rock, jazz og klassisk - han meistra alt. Ikkje sjeldan, slik berre Emerson kunne, miksa han stilartane saman i ein og same komposisjon. I 1971 ga ELP også ut Pictures At An Exhibition, for ELP-elskarar eit ikonisk livealbum. Pictures var opprinneleg tenkt som eit vedlegg til Tarkus.

Untitled (Led Zeppelin IV) - Led Zeppelin
Med dette albumet viste Led Zeppelin at bandet hadde meir å melde enn berre bluesbasert hardrock. Eg opplever dette som gruppa sitt beste album, og da ikkje berre på grunn av klassikaren «Stairway To heaven». Her er det også mykje anna gull. Salet passerte 30 millionar, og albumet er dermed eit av dei mest populære gjennom tidene.

Who's Next - The Who
Går det an å kome nærare eit ekte rockeband enn The Who? Fire karar som levde hardt og fort, men som skapte musikk vi den i dag i dag kan slå fast at har stått seg godt mot tidas tann. Who's Next er ei samling med ni usedvanleg gode kutt. Min favoritt er «Won't Get Fooled Again» - ein råsterk rockelåt som verkeleg viser kva for kvalitetar som budde i dette bandet.