25. april: Evangelisten Markus, ei NRK-legende og musikarar som jubilerer

25.04.2021

Primstaven viser at 25. april er Markusmesse, også kalla Markusdagen og den store gangdagen. Dette er ein katolsk messedag for evangelisten Markus. På primstaven er dagen avmerkt med ein fjørpenn, sidan Markus brukte ein penn då han skreiv ned Markusevangeliet. Andre stader er merket eit strek med prikkar rundt, tolka som ei målestong med snø omkring, les vi på Wikipedia.

I katolsk tid vart den store gangdagen markert med prosesjonar på markene med krusifiks og røykjelse, og prestane kunne skvette vievatn på marka. Denne skikken skal vere innført av pave Gregor den store omkring år 600 for å stoppe ein stygg pest. Vandringa kan minne om heidenske våropptog.

I mange kyststrøk var Markusmesse tida for å så havre. I Trøndelag kalla dei dagen gamle sommarmål, og i Stod, som ligg i Steinkjer kommune, heitte det seg at det graset som hadde grodd før denne dagen ville fryse bort igjen. I Sunnfjord skulle villfuglene ha to egg i reiret på Markusmesse.

NRK-legenda Herbjørn Sørebø kom til verda i 25. april 1933 i Fjaler. Han har vorte omtala som den fremste nynorske mediemannen i sin generasjon. Sørebø arbeidde i NRK frå 1964 og fram til han pensjonerte seg i 2001. Nokre få dagar før han gjekk bort i 2003, mottok Sørebø Kongens fortenstmedalje i gull.

Personar med musikalske gener set sitt preg på lista over dei som kom til verda 25. april. Vi finn den russiske komponisten Pjotr Tsjaikovskij (1840-1893) og den amerikanske songarinna Ella Fitzgerald (1917-1996). Norske musikarar fødde på denne dagen er pianist Einar Steen-Nøkleberg (1944), pianist, komponist og forfattar Ketil Bjørnstad (1952), cellist Truls Mørk (1961) og trompetist Ole Edvard Antonsen (1962).