45 år sidan første arbeidsdagen min som journalist

15.06.2022

Utrulege 45 år har gått sidan eg starta yrkeskarrieren min. 15. juni 1977 gjekk eg opp trappene til Romsdalsposten sin redaksjon for å ta fatt på den første arbeidsdagen som journalist.

Eg var tilsett i avisa for å dekke kommunane Surnadal, Halsa, Rindal og Aure. I starten vart det ein del opplæring i byen. Skjønt, det gjekk ikkje mange dagane før eg vart sendt på kommunestyremøte i Surnadal. Eg greidde meg ganske brukbart, trur eg. Kommmunestyret heldt på den tida til i biblioteklokalet i toppetasjen på det gamle herredshuset Skei. Ikkje så veldig fasjonabelt, kan ein trygt seie.

Snart skulle eg få sjå at forholda var langt meir kummerlege i Halsa. Der heldt kommunestyret møte i eit kjellarlokale på Enge. Aure kommunestyre bruka møtesalen på Aure pensjonat. Rindal kunne skilte med eit relativt nytt kommunehus, og dermed det finaste møterommet. Alle dei fire kommunestyra, og i ekstrem grad Halsa og Rindal, var for øvrig prega av at røykeloven enno ikkje var innført.

Det første halvanna året hadde eg heimekontor, før det i januar 1979 vart opna kontor i kraftlagsbygget på Skei.

Tida i Romsdalsposten var artig og lærerik. Eg var mykje på farten i dei fire kommunane, og knytta mange kontaktar. Når eg i dag køyrer gjennom t.d. Halsa, slår det meg kor mange hus eg faktisk har vore inne i.

Da eg starta i jobben i Romsdalsposten, hadde Tidens Krav hatt avdelingskontor i Surnadal i fleire år. I 1977 var kontoret betent av aurgjeldingen Anders Todal, som også hadde ei fortid i Romsdalsposten. Vi konkurrerte om nyheitene, men hadde elles eit godt og kameratsleg forhold. Anders var ein fin kollega, som dessverre gjekk bort så altfor tidleg.

Tidens Krav hadde mange fleire abonnentar enn Romsdalsposten i mitt område i 1977. For ein ungsau var det inspirerande å sjå at arbeidet faktisk ga resultat. Vi klarte etter kvart å få til ein betydeleg opplagsvekst spesielt i Surnadal, men også i dei tre andre kommunane. Forhåpentlegvis litt på grunn av innsatsen min, men også mykje fordi dette var kommunar som Romsdalsposten i lang tid hadde forsømt.

Redaktør i Romsdalsposten på slutten av 70-talet var Paul Ohrvik. Ohrvik var redaktør av den gamle skulen. Han brydde seg ikkje så mykje om økonomi, produksjon og administrasjon. Først og fremst var han skribent og meiningsberar. Ohrvik skreiv også dikt og lokalhistorie. Han er mannen bak bysongen til Kristiansund, «By ved hav», som Edvard Bræin ga tone til.

I tidlegare tider var det ikkje uvanleg at dei som jobba i partiavisene engasjerte seg i politikken. På 40- og 50-talet sat Paul Ohrvik, som tilsett i Venstre-avisa Romsdalsposten, i bystyret og formannskapet for Venstre. Han var også ein periode leiar for partiet sitt lokallag i Kristiansund.

Tida mi i Romsdalsposten varte i to og eit halvt år, før nye utfordringar stod for tur. Det er så sant som det er sagt: Vegen blir til medan ein går. Det skulle bli eit 43 år langt yrkesliv i media, prega av mykje arbeid og meir eller mindre konstante endringsprosessar. Men artig, ja du store min. Eg hadde gjort same yrkesvalet ein gong til, om eg fekk sjansen.

På same måte er eg sikker på at det var rett å gå av på det tidspunktet eg gjorde det. Nok var nok. Det er ei tid for alt.