50 år med flyplass på Årø: Ministeren åtvara andre kommunar mot å gjere som Molde

06.04.2022

Andre kommunar bør ikkje følge Molde sitt eksempel. Det var helsinga frå dåverande samferdselsminister Reiulf Steen (Ap), da han deltok på opninga av flyplassen i Molde 5. april 1972.

Flyplassen i Molde var finansiert av kommunen. Dette kom som eit resultat av at ein lang debatt om felles flyplass for Nordmøre og Romsdal, som enda med at staten bygde flyplass på Kvernberget i Kristiansund. Denne flyplassen vart opna i 1970. Ministeren meinte heilt tydeleg at flyplassutbygging ikkje var ei kommunal oppgåve.

Flyplassen i Molde kan altså feire 50-årsjubileum. Kronprins Harald stod for den offisielle opninga av Molde lufthavn i 1972.

Molde-avisene frå så nær fortid ligg ikkje opne i Nasjonalbiblioteket. Men I Tidens Krav, som på denne tida hadde redaksjonelt samarbeid med Romsdal Folkeblad, kan vi lese om stor festivitas I Rosenes by. TK ville vel neppe ha hatt flyplassopning i Molde som hovudoppslag i dag...

Krifast og Atlanterhavsvegen har kommunikasjonsmessig knytta Molde og Kristiansund tett saman. Hadde planlegging av flyplassutbygginga i Romsdal og på Nordmøre starta i vår tid, ville det naturlege ha vore ein flyplass for regionen.

Du verda for eit rabalder og for ein ufred eit slikt forslag ville ville ha utløyst!

(Klikk på bildet for å lese Tidens Krav sin artikkel).