52 år sidan Festus dukka opp

02.08.2021

Hugsar du TV-serien «Kruttrøyk»? Mange, i alle fall godt vaksne, gjer nok det.

Første episode av den amerikanske westernserien vart sendt på NRK 2. august 1969. Den gjekk i fem år. Da heltane vart tatt av lufta i 1974, hadde NRK vist 112 episodar.

I mitt oppvekstmiljø vart serien umåteleg populær. Spesielt marshall Matt Dillon (James Arness) og originalen Festus Haggen. (Ken Curtis) fanga stor interesse.

James Arness (1923-2011) hadde norske røter. Foreldra var norske og tyske immigrantar. Ken Curtis (1916-1991) var ikkje av norsk ætt. Til gjengjeld besøkte han Norge midt i den verste Kruttrøyk-feberen. Det skjedde i 1971, da han m.a. var heidersgjest i laurdagskveldprogrammet til Erik Bye.

Ken Curtis ga også ut plater. Med respekt å melde let det ikkje all verda. Men kva gjorde det? Det var jo Festus som song!