I ein perm dukka minne frå 1975 opp...

17.03.2021

I ein gammal perm med musikkutklipp fann eg Adresseavisen si lesarkåring av årets artistar og plater i 1975. Det er interessant lesing. Musikarar og album som står seg den dag i dag dukkar opp. Andre har gått i gløymeboka for lenge sidan.

Adresseavisen konkluderer med at 1975 var eit år «uten den store susen» for norsk musikk. Eg kan for så vidt vere einig i det. Samtidig inneheld lista «Årets musiker» namn som i fleire tiår framover skulle kome til å lyse ikkje berre på den norske, men også den internasjonale musikkhimmelen.

Terje Rypdal toppar lista. Det fortel alt om ei sterkt veksande interesse for jazz også her i Norge. Sjøl blant det midtnorske publikumet måtte trønderrockaren Åge Aleksandersen sjå seg slått av ein jazzgitarist.

Eg har opp gjennom åra fått med meg ein god del Rypdal-konsertar. Den første var da han besøkte Tingvoll medan eg gjekk første året på gymnaset på Tingvoll. Det var ei oppleving som sette spor, og som seinare utløyste kjøpet av plata «What comes after». Den er nok ei av dei mest spelte platene i samlinga mi.

Grunnlaget for det som for meg skulle bli ei livslang interesse for musikk, vart lagt i oppveksten og ungdomstida. Det kom bandopptakar til gards i 1969. Det var ei viktig hending. Seinare vart det stereoanlegg og kjøp av plater. På Tingvoll fekk eg mange musikkintersserte kompisar. Eg gløymer aldri dei beinharde musikkdiskusjonane rundt om på røykfylte hyblar.

Mykje av den musikken vi lytta til på den tida har eg framleis glede av. I dag høyrer eg på alt frå den klassiske 60- og 70-talsrocken til moderne jazz og samtidsmusikk. Nysgjerrigheita etter å teste ut nye sjangrar og artistar vart tidleg vekt i meg. Takka vere dette har mange musikalske dører opna seg opp gjennom åra.

Når eg finn desse gamle utklippa, blir eg mint på om når og korleis det heile starta.

Klikk ein eller to gonger på bilda for å sjå utklippa i fullt format.