Advent, mini-weekend og trim mot kaloriar

04.12.2022

2. søndag i advent. Eg tok ein rask marsj gjennom Buaværet, i håp om å forbrenne såpass med kaloriar at eg i alle fall kompenserte for noko av julematinntaket i går kveld.

Eg og Mette unnte oss ein bytur. Vi installerte oss på Molde Fjordhotell laurdag ettermiddag, og kosa oss gjennom kvelden med god julemat og tilhøyrande drikke. Kalaset foregjekk i siviliserte former. Før klokka passerte tolv søndag var vi heime igjen. Vi har visst blitt for gamle til å «ta den heilt ut». Det er like greit. Da går det heller ikkje slik som med han som la seg i storform, men vakna sengeliggande etter julebordet.

Det er verdifullt å sette av tid til kvarandre. Det treng alle. Avbrekk frå kvardagsrutinane er mykje viktigare enn ein tenker over. Tiltaka treng ikkje alltid å vere så vidløftige. No tok vi ein mini-weekend i Norges finaste by. Neste gong kan det bli noko så enkelt som ein liten biltur i nærområdet.

Det vart eit bilde med mobiltelefonen på dagens trimtur også. Desse bryggene har eg allereie fotografert hundrevis av gonger. Men det er eitt eller anna med lyset her ute ved havet. Det er alltid i endring. Du blir freista til å ta fram telefon eller kamera, nesten uansett ver.

Dagane er korte på denne tida av året. Men når vergudane viser seg frå ei slik side som no, er dei få timane med dagslys heilt fantastiske. Ein trimtur mot kulisser som dei vi har i Bud, styrker både kropp og sjel.