Alpinanlegget i Sæterlia: Førti år sidan kommunestyret sa ja

11.05.2022

Onsdag 12. mai 1982 vedtok kommunestyret i Surnadal samrøystes å gi si støtte til bygging av alpinanlegg i Sæterlia.

1982 var det siste året mitt som pressemann i Surnadal. Ein varm potet i det offentlege ordskiftet i Surnadal på denne tida var planane om å bygge eit alpinanlegg i Sæterlia. Mange var kritiske. Eldreomsorg og skule måtte gå først. Kommunen skulle ikkje bruke pengar på leik, var argument som gjekk att.

Vi kan slå fast at lite har forandra seg sidan 1982. Når tiltak innafor felt som kultur, idrett og reiseliv blir lansert i dag, kjem motstandarar og betrevitarar fort på banen. Dei som kjempa igjennom kulturhuset på Skei nokre år seinare veit alt om dette. I Sunndal har eldsjelene bak Vinutrappa fått kjenne same sorten småleg motstand på kroppen.

Men i mai 1982 skar altså kommunestyret igjennom når det gjaldt anlegget i Sæterlia. Formannskapet sitt framlegg om å sikre grunn til prosjektet og få det gjennomført, fekk full tilslutning. Kommunestyret vedtok også samrøystes å teikne aksjar for 40.000 kroner i Indre Nordmøre skitrekk.

På 80-talet var det mange kommunar som ville satse på alpinanlegg. For dei fleste gjekk det gale. Heller ikkje i Sæterlia har drifta vore utan utfordringar. Men anlegget står der og lever i beste velgåande. Alpinsenteret vart opna i 1985. I dag byr bakkane på 4.000 meter med preparerte løyper. Av desse har 1.750 meter lys. Det er imponerande. Surnadalingane bør vere stolte.

Det som i dag heiter Surnadal Alpinsenter AS er eit stort aktivum for kommunen. Anlegget skapar verdiar gjennom å trekke tilreisande til bygda. Dessutan - og det er det aller viktigaste - bidrar skianlegget i Sæterlia til bulyst, trivsel og betre folkehelse.