(Altfor) tett på moskusen

02.08.2021

Dette bildet er tatt av far min under ein ferietur på slutten av 60-talet. Eit bilde av ein moskus er i og for seg ingen sensasjon. Men bak dette fotoet skjuler det seg faktisk ei historie som lett kunne ha vorte både dramatisk og farleg. Men det var det ingen som tenkte på der og da. Ikkje eingong den elles så forsiktige og påpasselege faren min.

Vi kom køyrande over Dovrefjell. Plutseleg fekk vi sjå ein moskus i vegkanten - på feil side av snøfangarane. Avstanden frå vegen bort til dyret var ikkje meir enn tjue meter. Fleire enn vi oppdaga det same, og i løpet av kort tid var det mange som stoppa for å få med seg det sjeldne synet.

Etter kvart vart folk meir og meir dristige. Med kameraet i handa gjekk dei ut av bilen for å kome nærare på moskusen. Ubegripeleg nok var altså faren vår mellom desse. Etter blinkskotet kom han seg trygt inn i bilen.

Men så fann eit ungt par ut at dei skulle sikre seg tidenes foto. Mannen stilte seg opp med kameraet, medan ho gjekk bort til moskusen for å klappe han. Det skulle ho ikkje ha gjort. Dyret bykste til og stanga ho rett ned. Heldigvis vart det med det. Kvinna slapp med skrekken.

Men fotoseansen tok ein brå slutt. Folk kom seg inn i bilane i ein fart. Like etterpå dukka det opp ein illsint kar med gevær. «Døkk må f... itte gå inn i hønna på'n», brølte han. Eg trur faktisk han var meir redd enn sint.

Eg har i åra etterpå ofte tenkt på denne episoden. Sindige familiefedre med kjerring i framsetet og baksetet fullt av ungar vart plutseleg naturfotografar. Kva var det som gjekk av dei? Kva om moskusen hadde gått amok mellom alle bilane og folket som virra rundt? Av og til er lykka verkeleg betre enn forstanden.