110 år sidan Roald Amundsen si store bragd

14.12.2021

14. desember kan vi markere 110-årsdagen for ei av dei store bragdene i norsk polarhistorie. På denne dagen i 1911 kom Roald Amundsen og ekspedisjonen hans til Sydpolen, fem veker før briten Robert Scott.

Amundsen sin opprinnelege plan var å erobre Nordpolen. Men da han fekk vite at konkurrenten Robert Peary hadde kome dit først, vart planane endra. Amundsen bestemte seg i staden for å satse på Sydpolen.

I alt ni mann utgjorde sydpolekspedisjionen, som varte i åra 1910-1912. Mannskapet var, forutan Amundsen sjølv, Olav Bjaaland, Hjalmar Johansen, Helmer Hanssen, Sverre Hassel, kokken Henrik Lindstrøm, Kristian Prestrud, snekkar Jørgen Stubberud og Oscar Wisting. Amundsen sin storebror Leon Amundsen deltok ikkje på ekspedisjonen, men hadde som forretningsførar ei svært sentral rolle. Tre av ekspedisjonsmedlemmane, Prestrud, Stubberud og Johansen, var ikkje med på på den siste ferda fram til polpunktet.

Teltet som Amundsen etterlet seg på Sydpolen er i dag freda som kulturminne nummer 80 på lista over historiske stader og minnesmerke under Antarktistraktaten.

Ei anna storbragd som står att etter Roald Amundsen, er seglinga gjennom Nordvestpassasjen på Gjøa-ekspedisjonen frå 1903 til 1906.

Roald Amundsen var født 17. juli 1872 i Borge i Østfold. I 1928 deltok han i ein redningsaksjon etter rivalen Umbertio Nobile. Flyet til Amundsen forsvann rundt 18. juni ved Bjørnøya. Alle teoriar går ut på at Amundsen omkom, 55 år gammal.

For den som er interessert i historia om Roald Amundsen, finst det mykje litteratur å fordjupe seg i. Ein biografi som eg hadde stor glede av å lese er «Det største eventyret», som kom ut i 2011. Boka er skriven av Alexander Wisting, oldebarn til Oscar Wisting frå sydpolekspedisjonen. Elles er det mykje anna å velje i.

Kjelder: Wikipedia, Store Norske Leksikon