Apropos jordbruksoppgjeret: Ingen har vore meir omstridt enn Gunhild Øyangen

27.04.2021

Kalenderen viser mai og bøndene raser mot staten sitt skammelege lønstilbod. Vi er inne i eit av våren sine faste eventyr - om ikkje akkurat det vakraste.

I nesten tolv år arbeidde eg i avisa Fylket, som stod landbruket nær. Jordbruksoppgjeret var alltid noko som prega spaltene. Når eg i dag høyrer og ser i mediene kva som skjer rundt jordbruksoppgjeret, slår det meg at frontane og ordbruken ikkje har endra seg særleg sidan 80-talet.

I desse dagar er det 35 år sidan Gunhild Øyangen (Ap) vart landbruksminister. Kanskje er ho den mest omstridte - for ikkje å seie hata - landbruksstatsråden landet har hatt. Øyangen, som var heilt ukjent for dei fleste både i og utanfor landbruksnæringa da ho kom inn i regjeringa, gjennomførte ei rekke kontroversielle reformar. Ord som «rasering» sat da som no laust hos bøndene, i ein til tider svært amper landbruksdebatt.

Og ikkje nok med: Ho reiste også rundt på bygdene og ba bøndene om å stemme ja til EU. Det skulle koste ho store påkjenningar. I eit intervju med Aftenposten nokre ord seinare fortalde Gunhild Øyangen om truslar og hets. Da ho ein gong besøkte ein EU-vennleg bonde i Gausdal, prøvde ein kolonne med traktorar å presse henne av vegen.

- Jeg reiste Europa rundt for å få på plass en god avtale, og syntes at jeg forsvarte den på en saklig og ansvarlig måte. Men motstanderne mine la ikke tilsvarende begrensninger på seg selv. Jeg følte det nok ekstra vanskelig fordi jeg jo var blant mine egne, i landbruket, seier Øyangen i intervjuet med Aftenposten, der ho også fortel at det tok lang tid å kome over det som skjedde.

Gunhild Øyangen var landets første kvinnelege landbruksminister, og ho er framleis den lengstsittande. Det er synd å seie det, men nettopp det at ho var kvinne gjorde nok sitt til at mange tok ekstra ufine midlar i bruk når dei skulle «ta» landbruksministeren. Når eg no betraktar hendingane på god avstand, vil eg seie at ein del av det som vart sagt og gjort var rein trakassering.

Dagens landbruksminister, Olaug Bollestad, har fått ein del peppar dei siste dagane. Det er for flau bris å rekne, samanlikna med den stormen som Gunhild Øyangen stod i.