Fyldig årsskrift frå Stangvik Historielag

07.12.2021

Årsskriftet til Stangvik Historielag er no i handelen. Underteikna, Marit Haugen og Torbjørn Polden har utgjort redaksjonen. Vi er stolte over å kunne presentere eit fyldig hefte med eit variert og godt innhald.

Ei rekke habile skribentar har bidratt med stoff. Likevel er sjølve krumtappen Marit Haugen. Ho har lagt ned et eit stort arbeid for at vi skulle få dette til.

Gamle foto er alltid ein viktig ingrediens i historielaget sitt hefte. I år inneheld skriftet over 80 bilde.

Vi har ikkje tenkt å gi oss med dette. Sit du på aktuelt stoff, så ta kontakt med redaksjonen.