Atlanterhavsspelet vil vere regional brubyggar

29.05.2022

- Vi ønsker at Atlanterhavsspelet skal vere ein arena som bygger samhald, vekst og felles identitet i nordfylket.

Det seier produsent og regissør for Atlanterhavsspelet i Bud, Endre Skar.

- Nordfylket har dei siste åra i altfor stor grad vore prega av strid og konflikt. Kulturen er limet i samfunnet. Med dette som bakgrunn, er vi opptekne av å gi Atlanterhavsspelet ei rolle som regional brubyggar i norddelen av fylket. Spelet skal skape samarbeid og vekst, og utvikle gode relasjonar mellom Nordmøre og Romsdal, seier Skar, som legg til:

- Formidling av kulturarven styrkar identiteten, gir mot, livskvalitet og gir auka aktivitet. Spelet Fru Guri av Edøy på Smøla er eit godt døme på at satsing på kultur kan gi ny vekst og auka livskraft i eit lokalsamfunn. Ambisjonen er at spelet skal bli ein vekstimpuls også for lokalsamfunna ute ved Hustadvika.

Atlanterhavsspelet hadde premiere i 2018. Så kom koronaen og stoppa dei planlagte oppsettingane i 2020 og 2021. 28. juli i år er det klart for nypremiere på Ergan kystfort i Bud. Her sit publikum i eit oppbygd amfi, som gir spektakulær utsikt utover Hustadvika.

Planen er at Atlanterhavsspelet heretter skal bli ein årviss tradisjon.

Handlinga tek oss tilbake til 1843 og ei tragisk ulykke som skjedde det året. 15 personar frå Eide drukna på veg heim frå julehandel i Kristiansund. Ulykka er ei verkeleg hending, som manusforfattar Jørn Skar har sett inn i ei ramme av fri dikting. Han har skapt eit spel som varer i 1 time og 45 minutt.

28 skuespelarar i alderen frå fem til nærare 70 år deltek på scenen. Av desse kjem 17 frå Bud. Fire av skuespelarane er profesjonelle: Per Egil Aske (opprinneleg frå Molde), Svein Solenes (opprinneleg frå Gjemnes), Svein Roger Karlsen (opprinneleg frå Sunndal) og Line Brå Johansen. I tillegg til dei som er på scenen, kjem eit stort antal frivillige frå Bud og omegn.

- Gjennom Atlanterhavsspelet ønsker vi å ære dei som opp gjennom åra har kjempa for tilværet her ute ved kysten. Kysthistoria er ein viktig del av kulturarven vår. Denne må formidlast vidare til nye generasjonar, seier Endre Skar.