I Bud lever basartradisjonen - og for eit korps vi har

02.11.2021

Noko av det gjevaste vi visste i opppveksten, var å gå på basar. Særleg hausten var ei travel basartid. På bedehuset var det som regel fleire basarar, medan to gjekk av stabelen i den gamle skulen. Den eine her var helselaget sin, medan det andre var husbasaren. Eidet skule vart nedlagt i 1958, og fungerte i ein god del år etterpå som forsamlingshus.

Eg har inntrykk av at tradisjonen med basarar lenge har vore på retur. Da eg flytta til Bud, fekk eg oppleve at det slett ikkje er tilfelle overalt. Første gongen eg var med Mette på basaren til skolemusikkorpset her ute, trudde eg nesten ikkje det eg såg. Det store forsamlingshuset var fullt av folk. Og slik er det kvart år. Sist søndag hadde Bud skolemusikkorps igjen basar. Over to hundre møtte opp, og brukte søndagsettermiddagen til å støtte opp om korpset.

Det store oppmøtet seier mykje om samhald og patriotisme i bygda. Gjevargleda vitnar også om at folk forstår kor viktig det er å ha eit korps som stiller opp 17. mai, ved julegratenning, på adventskonsertar og ved mange andre høve.

Bud skolemusikkorps består i dag av både skuleelevar og vaksne musikarar. Når omlandet ikkje er stort nok til å skape grunnlag for separate vaksen- og skulekorps, er det flott at korpsinteresserte i alle aldrar på denne måten kan skape noko saman.

Eit viktig innslag på basaren var sjølvsagt ein konsertdel med korpset. Arild Brekken er dirigent i dag. Han har på kort tid utvikla korpset til å nå eit nivå eg nesten ikkje trudde var mogleg. Imponerande! Vi kan kan verkeleg vere stolte av korpset vårt.