Klassisk album frå sterk kvartett

08.03.2021

Keith Jarrett (piano), Jan Garbarek (saksofon), Palle Danielsson (bass) og Jon Christensen (trommer) - det er ein kvartett som for lengst har skrive seg inn i jazzhistoria med gullskrift. I 1974 ga dei ut klassikaren «Belonging». Opp gjennom åra har eg lytta eit utal gongar til albumet, som innan sjangeren jazz er blant mine aller største favorittar.

70-talet var ei brytingstid for jazzen. Ikkje minst i Norge skjedde det mykje spennande. På denne tida var musikarar som Jan Garbarek, Jon Christensen (ein gong fekk eg bere trommene hans), Terje Rypdal, Arild Andersen med fleire på full fart fram. Når ein pianist av Keith Jarrett sitt format tok med seg to av desse i kvartetten sin, seier det ein heil del om kva status norske jazzmusikarar allereie i 1974 hadde klart å opparbeide seg internasjonalt.

All musikken på «Belonging» er komponert av Keith Jarrett. Men det betyr ikkje at han dominerer plata. Alle fire i kvartetten er likeverdige. Vi høyrer fire virtuosar i avansert og herleg samspel. Plata kom ut på det tyske plateselskapet ECM, som i 1969 vart grunnlagt av den legendariske produsenten Manfred Eicher. Meir enn tusen plater med jazz og anna former for samtidsmusikk har sidan da kome ut på selskapet. På rundt halvparten av desse sat norske og no avdøde Jan Erik Kongshaug, ei like stor legende som Eicher sjølv, ved spakene i studio.

Albumet er eit nydeleg stykke musikk. I tillegg kan det også opplevast som eit bilde på eit tid der verda og musikken opna seg og flytta grenser. Ketil Bjørnstad skreiv i 2011 ei bok om «Belonging», etter at hundre norske musikarar i Morgenbladet hadde kåra dei hundre beste platene i norgeshistoria. «Belonging» vart nummer ni på denne lista, der dei ti første vart heidra med kvar si bok.

Bjørnstad, berre 22 år gammal i 1974, var allereie da ein del av det norske jazzmiljøet. Han vart seinare kjent med Manfred Eicher, og har ein unik innsikt i historia bak det store gjennombrotet for norsk jazz på 70-talet.

Boka om «Belonging» er ei fascinerande forteljing, ført i pennen av ein mann som høyrer heime i den norske elitedivisjonen både som forfattar og pianist. Det er nok å lese dei første setningane, så er du fanga: «Det var den gangen, i de beste årene, da alt skjedde samtidig. Lykkelig er den som har noen slike år å se tilbake på. Man tenker på dem og drømmer om dem resten av livet.»

Ja, Kjetil Bjørnstad, akkurat slik er det.