«Bitelssveisen» fekk foreldregenerasjonen til å gå av hengslene

06.10.2022

5. oktober 1962 ga The Beatles ut si første singelplate, Love Me Do. Vi kan dermed markere 60-årsjubileum for eit stort musikalsk gjennombrot.

Eg skal la musikken, på den tida av mange stempla som «skrommel», ligge her. I staden skal eg nytte jubileet til å drodle litt rundt ei anna side ved gruppa, som fekk dei eldre generasjonane til å rase, nemleg håret. Hårsveisen til Beatles-medlemmane provoserte rett og slett noko frykteleg.

Når vi i dag ser seksti år gamle bilde av The Beatles, er det ut frå dagens normer ikkje så lett å forstå reaksjonane. Men tidleg på sekstitalet var det altså fullstendig uakseptabelt at menn gjekk rundt med hår som så vidt nådde til øyrene.

Heller ikkje i klesvegen var det mykje rebelsk over gruppa. Dei første åra var The Beatles alltid kledd i dress, kvitskjorte med slips og svarte lakksko. Fire utruleg pertentlege karar, ville vi ha sagt i dag.

Men tilbake til håret. The Beatles inspirerte gutar over heile verda til å la håret gro. Det skapte oppstyr og mange konflikter. Da eg vaks opp, snakka dei eldre generasjonane om «bitelssveis». Det låg mykje avsky - og ikkje så reint lite fordommar - i uttrykket.

Eg hugsar ein episode frå skulekorpset. Det var på siste halvdel av sekstitalet. På ei øving fortalde dirigenten at det skulle arrangerast stemne for vaksenkorps i bygda. Skulekorpset var spurt om å stille med plakatberarar til oppmarsjen. Alle som hadde lyst til å vere med, vart bedne om å rekke opp handa. Mange, både jenter og gutar, meldte seg raskt. Ein av gutane som sat med handa i veret hadde litt fyldig hårmanke, omtrent som Beatles på bildet. Han fekk grei beskjed: «Med den hårpryden der, kan du gløyme å få vere med».

Slik var det på den tida. Foreldregenerasjonen førte ein nådelaus kamp mot «bitelssveisen», men var sjølvsagt dømt til å tape. Utover 60- og 70-talet gjekk dei fleste gutar med langt hår. Ja, verkeleg langt hår. Eg var sjølv ein av dei.

Verda endrar seg. For eit par dagar sidan såg eg kongen sin nye hoffsjef på TV. Han har hestehale. Eller rettare sagt, ein prektig hårtapp, slik mange kvinner brukte før i tida. I 2022 er det heilt innafor. Ingen reagerer. I 1962 kunne ingen menn med hårtapp ha fått stillinga som hoffsjef.

Eit lite tankeeksperiment til slutt: Tenk om det hadde dukka opp ein mann med hestehale på Skei tidleg på sekstitalet. Det hadde vorte bøgdarøkkt!