Blokkfløyta - eit torturinstrument?

30.11.2021

Eit 65 år gammalt utklipp frå Tidens Krav viser at kommunepolitikarane i Surnadal hadde stor tru på blokkfløyta. Skulestyret hadde musikkopplæring på sakslista 29. november 1956, og her kom dei inn på «blokkfløytens betydning for musikkopplæringen». Det vart vedtatt å sette i gang kurs, med Gunnar Vik som kurshaldar.

Epistelen er fornøyeleg, og vitnar om at den lokalpolitiske kvardagen har forandra seg på 65 år.

Blokkfløyta vart obligatorisk i grunnskulen her i landet, og mange er det nok som fekk meir enn nok av instrumentet på barneskulen. Musikktimane, der klassen på over tjue elevar skapte ein kakofoni av falske og skingrande fløytetonar, har brent seg inn i både sinn og øyregangar. Truleg tok ein del foreldre også skade, ettersom øving heime høyrde med.

På den ikkje altfor seriøse nettstaden Ikkepedia fann eg denne definisjonen av blokkfløyte:

«Blokkfløyte er et torturinstrument oppfunnet av ondskapsfulle lærere for å torturere elevene og ikke minst deres foreldre. Blokkfløyta er svært godt egnet til å lage de mest forferdelige lyder som får selv lyden fra viggofonen til å høres vakker ut. Det antas at blokkfløytespilling er en av hovedgrunnene til foreldrenes hovedaktivitet i helgene, nemlig flokkbløyte, en tradisjon som i denne sammenhengen må oppfattes som et desperat forsøk på egenterapi etter traumene fra podens forsøk på å gjøre leksene fra musikklæreren».

Så må det leggast til at blokkfløyta nok har fått ei ufortent dårleg rykte. Sanninga er at det er komponert mykje flott musikk for dette instrumentet. Framført av kompetente musikarar, vel å merke.