Eit fotballeventyr i gult og blått

30.10.2021

Fotballfeberen herja i Bøfjorden i 1967. Bygdas fotballag, som i mangel av eigen bane spela heimekampane sine på Bjørnbanen, vann 4. divisjon Nordmøre etter ein svært sterk sesong. Dermed skulle laget spele kvalifiseringskampar om opprykk til 3. divisjon, som den gongen var tredje nivå og ikkje fjerde som i dag, mot Åndalsnes og Skarbøvik.

Det var heller ikkje berre i Bøfjorden at suksessen til fotballaget sette sitt preg på stemninga. I Utigard Kvennbø var temperaturen minst like høg. Faren vår var med og stifta laget i Bøfjorden, og hadde vore spelar på det berømte «Makkolaget». Han tok oss med til alle heimekampane, samt dei bortekampane som låg i rimeleg køyreavstand. Eg og bror Ole Magne heldt med Bøfjord. Spelarane på laget var våre store heltar. Surnadal brydde vi oss ikkje om.

Tilbake til kvalifiseringa. Bøfjord klarte ikkje opprykk. Skarbøvik og Åndalsnes vart for sterke. I den første kampen, som gjekk borte mot Åndalsnes 8. oktober, tapte Bøfjord 3-1. Av referatet i Tidens Krav går det fram at dei gule og blå likevel klarte seg bra i kampen, der det stod 1-1 til pause. «Bøfjords sjanser slett ikke forspilt», konkluderte Tidens Krav med.

Helga etter var det duka for storkamp mot Skarbøvik på Syltøran. Heile 600 tilskuarar møtte opp, stemninga var elektrisk og spenninga til å ta og kjenne på.

Det skulle vise seg at sunnmøringane vart for sterke. 3-0 vart det til slutt. Vi som drøymde om 3. divisjon og ein 1968-sesong med besøk av kjente og langvegsfarande lag, måtte berre innsjå at Skarbøvik var det klart beste laget i dette oppgjeret. Men for ein kamp. For ei oppleving. Eg var 11 år den gongen, og har i all ettertid gått rundt med både lagoppstilllinga til Bøfjord og resultata i dei historiske kvalik-kampane i hovudet.

Eg meiner at det som bøfjordlaget presterte på denne tida, utgjer eit heilt spesielt kapittel i den nordmørske fotballhistoria. Klubben hadde altså ikkje eigen bane, ressursane var begrensa og fleire sentrale spelarar oppheldt seg utanfor bygda midt i veka. Likevel klarte dei å utvikle eit topplag.

Det vart ikkje 3. divisjonsspel. Men minnene kan ingen ta frå oss.