Det gjekk som det ofte gjer...

19.11.2021

Den nye Bøfjorden skule var førstesidestoff i Tidens Krav for 50 år sidan. 18. november 1971 vart skulen vigsla, eitt år etter at den vart teken i bruk.

Artikkelen til Tidens Krav (sjå illustrasjonen) fortel at 90 menneske var samla til middag på skulen, som på dette tidspunktet hadde 39 elevar. Skulen var tredelt, men utsiktene viste aukande elevtal og overgang til firedeling.

Bøfjorden skule skulle få ei levetid på drøye førti år. Etter kvart gjekk det som det ofte går med skulane ute i kretsane: Synkande elevtal førte til nedlegging. Det endelege vedtaket vart fatta i kommunestyret 14. februar 2013.

Av eit kommunestyrereferat i Tidens Krav frå februar 2009 går det fram at Bøfjorden skule såg ut til å få berre 11 elevar i 2012. Prognosane viste at tallet ville auke til 17 i 2014. Dei dystre prognosane omfatta også skulane i Bæverfjord (21) og Todalen (19), som ikkje kunne føle seg trygge på framtida.

Todalen skule er i dag nedlagt.