«Leiarar som får til mykje er gjerne kontroversielle, kanskje høgrøysta og litt eigenrådige»

27.08.2021

Skiforbundet vil ikkje lenger ha Clas Brede Bråthen som sportssjef. Han har vorte for brysam.

Eg kjenner ikkje alle sider av denne saka. Bråthen er sikkert ein krevjande kar, men samtidig har han også enorme resultat å vise til. Norge er i dag ei av stormaktene innafor skihopp. Dette har Bråthen ein stor del av æra for. Ein av dei som sterkast understrekar nettopp dette, er landslagstrenar Alexander Stöckl.

Leiarar som får til mykje er gjerne kontroversielle, kanskje høgrøysta og litt eigenrådige. Ja, ofte er dei til og med ærlege. Men har dei kloke overordna, som tek dei rette samtalene og sørger for god dialog, er som regel dette ikkje noko problem.

Clas Brede Bråthen sine overordna er openbart ikkje av ein slik kaliber. Dei to pampane på toppen i skiforbundet, president Erik Røste og generalsekretær Ingvild Bretten Berg, er først og fremst ute etter ein komfortabel kvardag og ro for å trygge sine eigne posisjonar. At ein generalsekretær ikkje er i stand til å uttale seg offentleg når det så til dei grader brenn på dass, men kun ytrar seg gjennom kommunikasjonssjefen, vitnar om manglande leiareigenskapar.

Alt Røste og Bretten Berg så langt har gjort, viser at ingen av dei har tilstrekkeleg kunnskap om krisehandtering. I tillegg kjem ein klønete og svak leiar av hoppkomiteen, Alf Tore Haug. Når han først skriv under på ein tilsettingskontrakt, for så i ettertid hevde at kontrakten berre var eit utkast, viser det mangel på elementær kompetanse. Pluss ein stor porsjon frekkheit.

For alle som er glade i skihopping, er det trist å følge med på det som skjer. I verste fall er situasjonen så fastlåst at det ikkje finst nokon veg tilbake. Skulle Bråthen forlate jobben, kan også Stöckl følge etter. Da har pampane i forbundet verkeleg lagt gullegget.

Av det som har kome fram dei siste vekene, synes det nokså klart at ingen over Bråthen og Stöckl i hierarkiet verkeleg brenn for hoppsporten. Hadde det vore tilfelle, ville denne konflikten aldri ha eskalert til det nivået vi no ser. «Jeg håper at det som har blitt bygget opp, er bygget opp såpass solid at det ikke bare detter sammen med en gang. Men det er to veldig, veldig sterke og gode ledere som i så fall forsvinner. Da går man inn i noe ukjent», uttala verdscupvinnar Halvor Egner Granerud nyleg til VG.

Det ubehagelege spørsmålet er: Skulle Norge miste to av verdas fremste hoppleiarar - ja, kanskje dei to beste - kor skal vegen da gå for norsk hoppsport?