Ei kongeleg gullmedalje

18.02.2021

På denne dagen, 18. februar 1960, starta dei olympiske vinterleikane i Squaw Valley. Norge tok tre gullmedaljer: Knut Johannesen vann 10.000 meter skøyter på legendariske 15.46.6, som var ei forbetring på heile 46 sekund av Hjallis sin like legendariske rekord på 16.32.6. Roald Aas delte gullet med Jevgenij Grisjin på 1.500 meter skøyter og Håkon Brusveen vart olympisk meister på 15 km langrenn.

Brusveen kunne takke kong Olav for gullet. Brusveen vart opprinneleg tatt ut som heimeverande reserve. Men han fekk plass på laget i siste liten, etter det som i ettertid er skildra som ei aktiv innblanding frå kong Olav si side.

Det var Aftenposten sin journalist Sverre Fodstad som tok kontakt med slottet, etter at heile Norge meinte Håkon Brusveen var forbigått i OL-uttaket. Journalisten fekk dette svaret gjennom Kong Olav sin kabinettsekretær: «Jeg ser gjerne at Brusveen blir med til Squaw Valley».

Og det vart han altså. Heldigvis!

Bildet er frå Tidens Krav si førsteside 24. februar 1960, lasta ned frå Nasjonalbiilioteket. (Klikk på bildet for å gjere det større).