Da eggelikøren kom inn i norsk politikk

07.04.2021

7. april 1973 såg Anders Langes parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep dagens lys. Partiet skifta i 1977 namn til Fremskrittspartiet.

Folk si oppfatning av kva som var sømmeleg og kva som var kontroversielt var heilt annleis for 48 år sidan enn i dag. Anders Lange braut med alle konvensjonar. Han drakk eggelikør på TV, og målbar i mange saker standpunkt som i det trauste sosialdemokratiet Norge skapte moralsk indignasjon.

Det siste leveåret sitt, frå 1. oktober 1973 til dødsdagen 18. oktober 1974, sat Lange på Stortinget. Året er omtala som «absurd teater», der Lange viste verken evne eller vilje til å lære seg dei parlamentariske spelereglane.

Få trudde at partiet skulle klare å slå rot ute i folket. Men etter at Carl I. Hagen tok styringa i 1978 og gjorde Frp stuereint, starta ei utvikling som i 2015 altså skulle bringe partiet inn i regjeringskontora. I mars 2006, ein dryg månad før Siv Jensen overtok som formann, oppnådde Frp 34,9 prosent på ei meningsmåling.

Det har opp gjennom åra vore stifta mange politiske parti i Norge, ofte som resultat av intern strid i allereie eksisterande parti. Splittinga av Venstre i 1972 er kanskje det mest kjente dømet. Nokre av dei nye har vist ei viss evne til å overleve, i alle fall i delar av landet. Men ingen er i nærleiken av Fremskrittspartiet når det gjeld suksess.