Da Yatzy kom til Kvennbø

17.12.2021

Terningspelet Yatzy vart oppfunne i 1954. Til Kvennbø kom nyvinninga tidleg på 60-talet. Foregangspersonen var Gudrun Gjera (Bele), som introduserte spelet for oss utigardsgutane etter at ho hadde lært det hos nokre venninner.

Bildet viser dei første yatzyterningane hennar. Dei er laga av faren Ola, som var gammelonkelen min. Eg fekk desse terningane av Gudrun for nokre år sidan. Dei er eit dyrebart minne frå barndommen, som får meg til å tenke på alle dei trivelege stundene eg hadde på Gjeret i oppveksten.

Terningane fortel også ei historie om ei anna tid. For seksti år sidan var det ikkje berre å reise til Skei for å kjøpe det ein hadde lyst på. Men Ola løyste altså utfordringa med desse handlaga terningane. Dei fungerte prima. Det vart mange Yatzy-kuler på Gjeret.

«For seksti år sidan var det ikkje berre å reise til Skei for å kjøpe det ein hadde lyst på »

Når Yatzy kom til Utigard, hugsar eg ikkje heilt. Men det var noko seinare. Det måtte eit passande høve til for at eit slikt innkjøp kunne gjerast. Å få eit spel utanom jul eller gebursdag var nesten utenkeleg.

Da eg vart hytteeigar for tretti år sidan, fekk eg for min del ein ny vår som Yatzy-spelar. Oppe på Tæla er Yatzy ein fast syssel. Og ein trufast Yatzy-motstandar i alle desse åra har vore Gudrun, lenge også saman med Gunnar. Gunnar var ein ivrig Yatzy-spelar.

Vi har i grunnen trøydd oss i lag gjennom heile livet, eg og Gudrun.