Ein spesiell dåpssøndag i Sunndal

23.11.2021

Ein barnedåp i Sunndal var førstesidestoff i Tidens Krav tysdag 23. november 1971. Søndagen før vart sju barn døypte i Romfo kyrkje, og fire av desse hadde same oldemor.

Den stolte oldemora, som var til stades i kyrkja, var Ingrid Høgstad.

Dei fire dåpsbarna, som altså vart tremenningar, var alle født i september 1971. Foreldra var Gudbjørg og Jon Høgstad, Liv Berit og Ola Gikling, Ragnhild og Leif Egil Gikling og Inger Anne og Harry Aronsen.

Ifølge omtalen i Tidens Krav tykte kallskapellan Ole Danbolt Hagesæther at det var hyggeleg med så mange barnedåpar på eing gong, og ikkje minst at fire av barna kom frå same familie. Vanlegvis var det langt mellom barnedåpane i Romfor kyrkje.

Også  Aura Avis hadde stor omtale av den spesielle dåpen.