Dårleg julestemning med Jula

28.06.2021

Vi hadde tenkt på det lenge. På den sida av huset som har sol på formiddag, burde vi ha hatt ei sittegruppe.

Torsdag sist veke skulle innkjøpet skje. Vi hadde eit ærend i Kristiansund, som vart kombinert med ein tur innom Jula. Der fann vi eit par stolar og eit bord som såg passande ut. Levert som flatpakke, rett nok. Men til og med eg, som blir aggressiv berre eg ser ein flatpakke på ti meters avstand, meinte at dette burde da gå bra.

Laurdag starta monteringa. Etter kvart vart det lite julestemning, for å seie det slik. For eit prakk! Eg begynte etter kvart å øse meg kraftig opp. Sjeldan har eit par halvferdige plaststolar vore så nære å bli til eit tre dagar forseinka St. Hansbål. Uhøviske ord om den kristiansundske handelsstand generelt og Jula spesielt sat laust.

Etter kvart fann mi tolmodige og forstandige Mette ut at prosjektet at måtte leggast på is, inntil vi vart fleire. Ho var faktisk samd i at dette ikkje gjekk med berre fire hender, men var samtidig lite imponert over humøret og språkbruken til gemalen.

Søndag kom Jorunn, lik mor si som berre det, på besøk for å hjelpe til. Den destruktive hamna i mindretal, og fann det rettast å oppføre seg som folk. Det hjelpte visst. I løpet av tjue minutt var i alle fall stolane montert.

No står dei der. Men måndagsmorgonen er grå, og den planlagte kaffestunda i praktmøblementet måtte avlysast. Er det ikkje typisk? Det er noko med desse flatpakkane. Heilt sikkert.