Dei kvite bussane - eit symbol på fred og håp

09.03.2022

Eg står opp, slår på fjernsynet og ser at Vladimir Putin held fram med å jamne Ukraina med jorda. Slik har det vore i mange dagar no. Det er deprimerande.

Når eg seinare går inn på PC'en, kjem det opp eit minne om at på denne dagen i 1945 starta dei kvite bussane operasjonen sin. Dei frakta heim norske og danske fangar frå konsentrasjonsleirane i Tyskland.

Kontrasten er stor. Våren 1945 var ein seks år lang storkrig i ferd med å ebbe ut. 77 år seinare er det atter krig i Europa, iverksett av ein hensynslaus russisk diktator. Det er nesten ikkje til å tru.

Dei kvite bussane opererte under svensk leiing, og omfatta fleire hundre køyretøy. Desse var måla kvite, og utstyrt med Røde Kors-merke og svensk flagg. Dette skulle vere eit vern mot flyangrp.

Ein sentral person i arbeidet var svenske grev Folke Bernadotte. Han var diplomat, visepresident i Røde Kors i Sverige og nevø av kong Gustav 5. Folke Bernadotte klarte å få til forhandlingar med sjefen for SS og Gestapo, Henrich Himmler. Desse enda med at Himmler tillet transport av norske sivilfangar frå Tyskland til Sverige.

Operasjonen starta 9. mars 1945 med 75 bussar og 280 personar. I alt 20.000 fangar vart evakuerte av dei kvite bussane, dei fleste norske og danske.

Dei kvite bussane er ei historie om ein stor humanitær redningsaksjon. Som ein skugge over aksjonen heng likevel jødane sin lagnad. Himmler tillet ikkje at jødar vart henta ut. Og da heimtransporten heldt fram etter at freden kom, var det framleis lite plass for jødar. Jødane hadde mista sitt norske statsborgarskap, og regjeringa ville kun betale transport av eigne borgarar.

Men på tross av det som i ettertid framstår som kritikkverdig, var aksjonen ein av de største i sitt slag nokon gong. Dei kvite bussane er eit sterkt symbol på at det gode til slutt vinn over det vonde. Kanskje skjer det også i Ukraina - sjølv om det akkurat i dag er vanskeleg å sjå korleis og når.