Den finaste julesongen

24.12.2020

Det er tid for julemusikk. Det har nesten vorte slik at alle artistar med respekt for seg sjølv gjev ut ei juleplate. Eg kan styre meg for mykje av dette.

Men det finst unntak. Ein av dei finaste julesongane eg veit om er «I Believe in Father Christmas» med Emerson Lake & Palmer. Greg Lake skreiv songen saman med tekstforfattar Peter Sinfield, og ga den ut som eit soloprosjekt på single i 1975. Plata nådde andreplass på den engelske singlelista.

Seinare spela ELP inn sin versjon av «I Believe in Father Christmas». Den er er å finne på EP'en med same namn, som kom i 1995. Her finst også Greg Lakes originale innspeling.

Lån øyret til denne plata. Du kan høyre Emerson Lake & Palmer si juleplate her.

I 2011 framførte Greg Lake songen i St. Bride's Church i London saman m.a. Ian Anderson frå Jethro Tull. Denne usedvanleg vakre versjonen kan du høyre her.