Den finaste skisesongen er våren

30.04.2022

Dei finaste skimånadane i fjellet er etter mi meining mars, april og mai. Eg tykkjer er det er trivelegare å gå innover Tæla i t-skjorte på ein fin vårdag, enn å kave rundt i laussnøen med nasadråppe og stillongs i januar.

Opp gjennom åra har eg ofte hatt dei finaste skiturane i helgene etter påske. Mange har avslutta skisesongen da, og veit ikkje kva dei går glipp av. Med rett konsistens i snøen, kan skiføret halde seg aldeles glimrande heilt fram mot slutten av mai.

I dag kom det opp nokre minne på Facebook frå vårlege skiturar på Tæla. 30. april 2018 skein sola over landskapet og inviterte til skitur. Året før var eg oppe på Fintenkjarplassen denne dagen. I ein Facebook-post frå 10. april 2010 heiter det: «Helg. Straks ut på ski!»

Ja, slik har det vore så mange av dei tretti år vi har residert på Tæla. I 2013 feira vi 17. mai på hytta. Eg og Mette tok på maisløyfe, og danna det som vel må ha vore landets minst tog. I 2002 hugsar eg at vi fekk besøk i hytta av Ingebjørg og Erling på nasjonaldagen. Dei kom ned frå Fossafjellet i vakker prosesjon, med flagget vaiande i ryggsekken.

Våren kan opplevast på så mange måtar. Eg trivst betre med ski på beina enn i hagen. Men folk er jo så ulike. Heldgvis.